Stryn vidaregåande skule

Skidag torsdag 5.mars


Torsdag 5.mars vert det skidag for elevar og tilsette på¨Stryn vidaregåande skule.

Sjå opplegg for dagen på neste side.

SKIDAG TORSDAG 5. MARS

Det er tid for den årlege skidagen for elevar og tilsette ved Stryn vgs. Vi følgjer buss til Skisenteret der både turløypene og alpinbakken er tilgjengelege for oss. Det blir også høve til å vere med på topptur saman med ei gruppe leia av lærar.

De kan velje mellom desse alternativa

(påmelding innan 3. mars til kontaktlærar):

· Langrenn/turløyper

· Alpinbakken

· Skikurs i langrenn v/Torstein & Hans Petter

· Skikurs i alpint v/Mette & Oddny Grete

· Topptur (Hestefjellet/Natakupa) v/Jon-T & AndersV

Dersom de skal bruke skitrekket må de betale 150 kroner for dette. Dei som har sesongkort kan nytte dette. Leige av skiutstyr kostar 200 kroner.

De bør ta med godt med niste og gjerne varm drikke, ev. pengar til å kjøpe mat og drikke i kiosken. Hugs også solkrem og solbrillerJ

Dei som skal i trekket bør bruke hjelm, og vi ber om at de held dykk i preparerte løyper!

Dei av dykk som tek med eingongsgrill, må hugse å rydde opp etter seg.

Bussane går frå Strynehallen kl. 09.00 og retur frå skisenteret kl. 14.00. Det er ikkje tillete at de køyrer sjølve.

Kontaktlærarane tek fråværsføringa ved Skisenteret.

skidag 15

Vi ynskjer alle ein strålande og kjekk skidag!