Skuledagen ved Stryn vidaregåande skule
Arbeidsøkter på 80 minutt
Skuledagen ved Stryn vidaregåande skule er inndelt i fire arbeidsøkter på 80 minutt kvar. Ein del av tida kan nyttast til formidling, men elles vil det vere tid til arbeid med oppgåver og andre former for læringsarbeid der du som elev er aktiv.
08.55-10.15 | Undervisning og læring |
10.15-10.30 | Friminutt |
10.30-11.50 | Undervisning og læring (eller individuell tid) |
11.50-12.40 | Midttime (lunsj-pause) |
12.40-14.00 | Undervisning og læring |
14.00-14.10 | Friminutt |
14.10-15.30 | Undervisning og læring |