Stryn vidaregåande skule

Skulemeisterskap i handball for vidaregåande skular i Stryn


Onsdag 25.februar arrangerte Stryn vgs skulemeisterskap i handball. Klasse 2id med kontaktlærar Jon Terje var ansvarlege for arrangementet.
Alle vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane og nokre på Sunnmøre var inviterte, men det var kun Flora og Volda i tillegg til arrangørklubben som stillte lag.

I guteklassen vann Stryn 15-13 over Volda og 17-13 over Florø. Dermed vart Stryn vinnarar i guteklassen. I jenteklassen vann Volda sine jenter etter at dei i første kampen spelte uavgjort 16-16 mot Stryn. Deretter vann dei 24-5 mot Florø2 og 18-16 mot Florø1. Florø1 kom på andreplass og Stryn kom på tredjeplass. Vi håpar dette kan bli eit årleg arrangement, men med endå betre deltaking neste år.


h
Vinnarane - Stryn sitt gutelag


h
Volda sitt vinnarlag
Tips ein ven Skriv ut