Stryn vidaregåande skule

Skulestart 2014-15


Alle elevar møter til skulestart mandag 18. august kl 09.00 i Stryn Kulturhus.
Etter fellessamlinga i Kulturhuset vert det klassevis samling med kontaktlærar.
Vel møtt til nytt skuleår!

Kirsti Horne
rektor

Sommarbrev til elevane på neste side.

Kjære elevar -
velkomne til Stryn vidaregåande skule!
Det er ei stor glede å ynskje deg velkomen som elev ved Stryn vidaregåande skule.
Du har forventningar til skulen og vi har forventningar til deg som elev.
Lærarar og andre tilsette på skulen er opptekne av at alle ungdomane skal få det bra og trivast her. Alle vil gjere så godt dei kan for at du skal møte ei opplæring som du kan meistre og vekse på. Vi skal bygge relasjonar med deg og foreldra dine slik at du står sterkt fagleg, personleg og sosialt når du avsluttar skulen.
Ta ansvar og bruk tid dei første dagane på å verte kjend med skulen og medelevane dine.
I løpet av den første skuleveka får du delta på kurs og bidra i ulike aktivitetar saman med klassen din for å skape eit inkluderande og trygt skule- og klassemiljø.
Skulen har miljøkoordinator som er der for deg på dagtid og med gode felles aktivitetar på kveldstid. Eg håper du vil ha stor glede av dette tilbodet.
Nyttig informasjon om skulen finn du på skulen si heimeside. Heimesida finner du på adressa: www.stryn.vgs.no
Å vere medelev og ungdom saman i eit skulefellesskap er interessant, utviklande og krevjande. Eg oppfordrar alle til å ta godt vare på kvarandre og bidra aktivt til å gjere skuledagen god for medelevar, tilsette og deg sjølv.
Ta godt vare på skuleplassen din. Du skal vere stolt av å kunne fortelje at du går på skulen vår her i Stryn, stolt av medelevane dine og stolt av deg sjølv. Ta godt vare på dei mulegheitene du har fått til å skaffe deg ei utdanning for framtida.
Eg ser med glede fram til å møte deg her på skulen og verte kjend med deg.
Sommarhelsing frå
Kirsti Horne
Rektor

200drAK

Tips ein ven Skriv ut