Stryn vidaregåande skule

Smakebitar frå 8 yrke


Synne og Olin er elevar på VG1 Service og samferdsel. I løpet av hausten har dei saman med klassa vore på bedriftsbesøk og ute i arbeidspraksis for å få ein smakebit av yrka dei kan fordjupe seg i vidare.
Les om opplevingane deira på neste side.

SMAKEBITAR AV 8 YRKE

Dette skuleåret har vi på 1 SEA opplevd utrulig mykje spennande og interessant saman med 2 SSA. Vi angrar ikkje eit sekund på at vi valde denne linja. Allereie andre veka etter at vi begynte på skulen starta vi å reise på bedriftsbesøk kvar fredag rundt om i Nordfjord. Der fekk vi informasjon om dei 8 forskjellige yrkene vi kan gå vidare på til neste år.

Første turen vår var til Olden-Briksdalen, der vi fekk innblikk i reiselivsfaget, logistikkfaget og sikkerheitsfaget. Vi stoppa på Olden Hamn der Briksdal Adventure tok oss med på ribbåttur i det nydelige veret. Deretter fekk vi informasjon om historia til Olden brygge. Vidare reiste vi til Olden-vatn og fekk høyre historia om det fantastiske gode Olden-vatnet. Vi avslutta turen på Briksdalsbre Fjellstove der vi fekk servert god middag og fekk informasjon om utviklinga i bedrifta.

ss



Veka etter var vi klar til ein ny tur, denne gong til Moods of Norway både i butikk, lager og på kontoret. Vi hadde mellom anna fokus på sal, service, logistikk og kontorarbeid.
Neste fredag var vi klare til å reise på tur igjen. No var planen Mona Vekst, som ligg i Gloppen kommune. Denne gangen hadde vi fokus på kontor og administrasjon og salsfaget. Mona Vekst er eit stort hjelpesenter her i Nordfjord. Bedrifta har ei allsidig produksjon av varer og tenester. Dei skal vere ei attraktiv bedrift for NAV og næringslivet i regionen. Organisasjonen skal vere endringsdyktig og tilpasse seg skiftande krav og endra forhold i arbeids- og samfunnslivet. Mona vekst er organisert med forskjellige avdelingar: Arbeidssenter, vaskeri, ved, tre, og bil.
Siste bedriftsbesøket vårt starta vi i Stryn der vi besøkte Kveen AS. Dette bedriftsbesøket var fokuset: salsfaget, sikkerheitsfaget, logistikkfaaget og resielivsfaget. Vi gjekk bort til Kveen AS og fekk høyre historia om bedrifta. Der var bilar, ATV, crossar mm. å sjå på. Dei som ville kunne få lov til å prøve ATV og køyre litt rundt. Vi gjekk innom verkstaden for og sjå korleis dei mekka bilar og liknande. Vi drog vidare til Langeset høgda og fekk sjå på helikopter og høyre om helikopter livet.
Siste plassen vi svinga oss innom, var Eid kommune. Der fekk vi eit lite innblikk på korleis det er å jobbe på Kveen anlegg.
No fram til påske skal vi vere utplasserte i ei bedrift, som vi sjølv har vald. Der skal få eit lite innblikk i arbeidslivet og korleis det er å fullføre ein heil arbeidsdag.
Vi på 1 SEA er verkeleg glad for å ha vald denne linja! Vi har kost oss mykje ilag og det har vore utrulig lærerikt og spennande å gå på denne linja fram til no.
Synne og Olin

ss