Stryn vidaregåande skule

Søknad til vidaregåande opplæring skuleåret 2014-15


4699 har søkt vidaregåande opplæring i skule og bedrift for skuleåret 2014–15. Dette er 148 færre enn i fjor.
4207 har søkt skule, og 492 har søkt opplæring i bedrift. Det viser oversikta over førsteønska til søkjarane.

Sogn og Fjordane har 4462 elevplassar i vidaregåande skule og 797 læreplassar i bedrift. Det er 492 søkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift. Det er 52 fleire enn i fjor. Det er i alt søkjarar til 60 ulike lærefag.

4207 søkjarar med ungdomsrett har søkt vidaregåande opplæring til skule. Dette er 200 færre enn i 2013. Det er 91 færre søkjarar til vidaregåande trinn 1 (vg1), 131 færre til vidaregåande trinn 2 (vg2) og 18 fleire til vidaregåande trinn 3 (vg3).

Av søkjarane med ungdomsrett i Sogn og Fjordane har 133 søkt skular i andre fylke som fyrsteval. Det gjeld søkjarar gjennom Hordalandsavtalen, søkjarar til landslinjer, søkjarar til private vidaregåande skule og søkjarar til tilbod vi ikkje har i Sogn og Fjordane.

280 søkjarar utan ungdomsrett har søkt dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Desse kan få plass i august, dersom det vert ledige plassar.

Til vidaregåande opplæring nivå 1 (vg1) har søkjarar med ungdomsrett rett til inntak på eitt av tre utdanningsprogram dei har søkt på. Vidare har søkjarane rett til to år vidare opplæring innanfor same utdanningsprogram. Ungdomsretten gjeld vidaregåande tilbod i heile fylket, men den er ikkje knytt til ein særskilt skule.

Søkjarar med ungsdomsrett til fylkeskommunale vidaregåande skular, førsteønske
Søkjarar med ungdomsrett til bedrift, førsteønske - Tal avtalar om læreplassar i kvart fag

Søkjartala viser eitt av tre ønske
Tala som i dag er offentleggjort syner fyrstevala til søkjarar med ungdomsrett. Søkjarar som ikkje får inntak på sitt første ønske vil få tilbod om inntak på lågare ønske. Primærsøkjartala viser såleis ikkje fordelinga av søkjarane til det einskilde tilbodet.

I vedtak om «Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024» er det ei målsetjing at oppfyllingsgraden skal vere så høg som mogleg. Det skal vere minimum 8 søkjarar med ungdomsrett i kvar gruppe på yrkesfaglege utdanningsprogram og tilsvarande 20 på studieførebuande utdanningsprogram frå skuleåret 2014/15.

Elevane sin rett til inntak på eitt av tre ønske på vg1 og eit vg2 og vg3 dannar grunnlag for fylkesdirektøren si saksutgreiing til hovudutval for opplæring. Kravet til minimumsoppfylling vil vere del av saksutgreiinga. Hovudutvalet handsamar justeringar i opplæringstilbodet 25. mars.

Fleire søkjer studiespesialisering
På vg1 er det auke i søkinga til studiespesialisering. Det er nedgang i søkinga til medium og kommunikasjon, design og handverk , idrettsfag, musikk, dans og drama, bygg- og anleggsteknikk og teknikk og industriell produksjon.

Til vg2 er det nedgang til søkinga til studiespesialisering og teknikk og industriell produksjon som resultat av nedgang i søkinga til utdanningsprogramma på vg1 skuleåret 2013-14. Til service og samferdsel, elektrofag og bygg- og anleggsteknikk er det auke i søkinga til vg2.

Til vg3 påbygging til generell studiekompetanse er søkinga om lag som i fjor.

Søkjarar til opplæring i bedrift
Det er auka søking til tømrarfaget, helsearbeidarfaget, energimontørfaget og bilfaget, lette og tunge køyretøy. Det er nedgang i søkinga til elektrikarfaget, dataelektronikarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Konsekvensar for tilsette
Søkjartala gir ikkje grunnlag for vurderingar av dei personalmessige konsekvensane for komande skuleår på noverande tidspunkt.

Den vidare tidsplanen for ordinært inntak til skuleåret 2014-2015 er slik:

8. juli: Melding om første inntak

15. juli: Svarfrist første inntak

1. august: Melding om andre inntak

6. august: Svarfrist andre inntak

11. august: Skulane overtek inntaket

For meir informasjon:
Bekka Skaasheim

fylkesdirektør for opplæring

e-post: bekka.skaasheim@sfj.no
telefon: 415 30956
Tor-Einar Holvik Skinlo
ass. Fylkesdirektør for opplæring
telefon: 958 39029




Publisert av: Siw Heidi Bäckström
Dato: 6. mars 2014 - kl. 13:27


Relaterte dokumenter:
Tips ein ven Skriv ut