Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune Ingvild Ramstad

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune Ingvild Ramstad

Sogn og Fjordane toppar skulestatestikk

Sogn og Fjordane er best på gjennomføring i vidaregåande opplæring både på studiespesialiserande og yrkesfag.

I dei studieførebuande utdanningsprogramma gjennomfører 91,3 prosent av elevane i Sogn og Fjordane innan fem år. Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma har lågare grad av gjennomføring, der gjennomfører 66,8 prosent.

Publisert 07. juni 2017 Oppdatert 07. juni 2017 av Birthe Johanne Fredheim Finstad

Gjennomføring i vidaregåande opplæring
Studiespesialiserande Yrkesfag                    
Sogn og Fjordane 91,3 Sogn og Fjordane 66,8
Akershus 89,4 Rogaland 64,8
Møre og Romsdal 89,1 Møre og Romsdal 64,7
Nord-Trøndelag 88,2 Vest-Agder 64,3
Vest-Agder 87,7 Telemark 64
Hordaland 86,9 Akershus 63,9
Hedmark 86,9 Buskerud 61,5
Oppland 86,8 Nord-Trøndelag 61,2
Østfold 86,7 Aust-Agder 60,2
Vestfold 86,6 Hordaland 59,4
Telemark 86,2 Noreg 59,4
Noreg 85,9 Sør-Trøndelag 59,2
Rogaland 85,4 Oslo 59
Sør-Trøndelag 84,7 Oppland 58,4
Nordland 84,5 Vestfold 57
Finnmark 84,4 Hedmark 55,5
Aust-Agder 84,2 Østfold 54,2
Oslo 84,1 Troms 53,1
Buskerud 83,4 Nordland 52,6
Troms 82,4 Finnmark 47,1

Det blir jobba godt

Dette kom fram då Statistisk sentralbyrå la fram dei nyaste tala for gjennomføring i vidaregåande opplæring 1. juni.

– Tala viser at dei vidaregåande skulane arbeider godt med ungdomane. Elevane på yrkesfag har blitt flinkare til å skaffe seg læreplassar, bedriftene stiller opp med fleire læreplassar, og skulane støttar godt opp. Ekstra oppfølging av elevar og lærlingar som står i fare for å ikkje gjennomføre som følgje av stort fråvær eller låg motivasjon, kan ha innverknad på den gode statistikken, seier fungerande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Motivasjon for vidare arbeid

Blant alle elevane som starta på vidaregåande opplæring – både studiespesialiserande og yrkesfag – i 2011, gjennomførte 78,6 prosent av dei opplæringa innan fem år. Det er to prosentpoeng fleire enn i 2010-kullet.

– Å få fleire til å gjennomføre, føreset samhandling og godt innarbeidde rutinar på og mellom alle nivå i opplæringsløpet. Å drive god opplæring er ein dynamisk prosess som krev at alle som er aktørar i dette arbeidet, er i utvikling. No er det viktig at alle held fram det gode arbeidet som er i gang. Statistikken kan vere grunnlag for vidare motivasjon i arbeidet med å auke gjennomføringa, slår Skinlo fast.

Akershus toppar statistikken når vi ser studiespesialiserande og yrkesfag under eitt, fordi dei har fleire ungdomar som går studieførebuande enn yrkesfag. Det er flest elevar som fullfører på studieførebuande.

Færre sluttar

Systematisk arbeid over tid fører til gode resultat. Tal sluttarar i vidaregåande opplæring har blitt redusert slik dei tre siste åra.

Sluttarar i prosent
  2009–2014 2010–2015 2011–2016
Yrkesfag 21,7 22,2 18,3
Studiespesialiserande 3,9 2,7 1,7

 

Ser vi på gjennomføring for 2011-kullet med utgangspunkt i føresette sitt utdanningsnivå, kan vi sjå denne fordelinga:

Utdanning foreldre

Sogn og Fjordane

Nasjonalt

Alle utdanningsnivå

78,6

73

Lang høgare utdanning

90

89

Kort høgare utdanning

85

81

Vidaregåande utdanning

75

69

Grunnskuleutdanning

53

49

Ikkje oppgitt utdanning

50

46

Tips ein ven Skriv ut