Bygglærling Bjørnar Sæten som tok 2. plass i lærling NM

Foto: Fjordingen

Solid innsats i Worldskills Norway 2016

Solfrid Rake og Bjørnar Sæten, begge frå Loen, har delteke i Worldskills Norway 2016  for lærlingar. Bjørnar Sæten fekk sølv i Tømrarfaget.

Bjørnar er lærling hjå Stryn Eiendom og Solfrid i Stryn Kommune.

Bjørnar var på førehand litt skeptisk på kva for ei oppgåve som møtte han, men han vart ferdig før tidsfristen gjekk ut og var spent på kva for ei plassering han ville få til slutt.

- Eg er veldig fornøgd med andreplassen, seier Bjørnar til Fjordingen. Han fortel at oppgåva var å bygge ei bod og mellom anna legge kledning rundt dør og vindauge.

- Solfrid, lærling i Stryn kommune, kom dessverre ikkje til finalen, men gjorde ein flott innsats i dei innleiiande rundane, seier Tom-Øvind Solheim frå Nordfjord opplæringskontor. Ho var oppe i to ulike tema, "diabetes og rusproblematikk" og "demens".

Solfrid Rake 1.jpg

I alt deltok 15 deltakarar frå 15 fylke, og det er første gong Sogn og Fjordane har hatt med ein representant i World skills Noray for helsefag.

Både Solfrid og Bjørnar er tidlegare elevar ved Stryn vidaregåande skule.

Tekst: Fjordingen 

 

Tips ein ven Skriv ut