Stryn vidaregåande skule

Sommarskule for deg som treng bestått i matematikk og naturfag


Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer også i år sommarskule for elevar som treng bestått i matematikk og naturfag på vg1-nivå.
Sommarskulen vert på Mo i veke 26 og 27.
Sommarskulen er for elevar som fekk karakter 1 i standpunkt eller til eksamen i MAT1001 og NAT1001 på yrkesfaglege program. Elevane får bu på internatet på Mo med tre måltid per dag. Det vert også sosiale arrangement på ettermiddagane og kveldane. Tilbodet er gratis, men elevane må dekkje reise til og frå skulen sjølve.

Sommarskulen startar måndag 23. juni og varer ei og ei halv veke. Eksamen er onsdag 4. juli.

Har du spørsmål, ta kontakt med skulen din eller eksamenskontoret på tlf. 415 30 990.

Søknadsfristen er 16. juni.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du i denne brosjyren.

Påmelding til:
Sogn og Fjordane fylkeskommune, pb. 524, 6803 Førde eller på e-post til eksamenskontoret@sfj.no.