Stryn vidaregåande skule

Sommarskule på Mo


Sogn og Fjordane fylkeskommune og Mo og Øyrane vidaregåande skule arrangerer sommarskule på Mo i veke 26 og 27 – for deg som treng bestått matematikk eller naturfag på vg1-nivå yrkesfag.

Tilbodet er for elevar og lærlingar som fekk karakter 1 i standpunkt eller til eksamen i MAT1001 og NAT1001 i yrkesfaglege program.

Sommarskulen startar måndag 22. juni 2015. Undervisninga føregår måndag til fredag – og det vert halde eksamen.Tilbodet er gratis, men eleven må dekke reisekostnadane til og frå skulen. Du kan bu på skulen og få tre måltider pr. dag. Det vert arrangert sosiale aktivitetar. Meir informasjon finn du i påmeldingsskjemaet.

Påmelding: sfj.pameldingssystem.no/sommarskule



Publisert av: Siw Heidi Bäckström
Dato: 20. april 2015 - kl. 12:32
Tips ein ven Skriv ut