Stryn vidaregåande skule

Spennande og framtidsretta europeisk prosjekt på Stryn vidaregåande skule


Før jul var elevar og lærarar frå Stryn vidaregåande skule på konferanse i Bad Schlema i Tyskland. Konferansen var ein av dei planlagde aktivitetane i skulen sitt Comenius prosjekt.
Prosjektet «Teaching Metodes on the Move» er eit samarbeid mellom fem vidaregåande skular i fem ulike land i Europa.Les meir om prosjektet.


Partnarskapen i prosjektet er Davis College i Cork Irland, Alessandro Volta i Perugia Italia, I:E:S: Profesor Julio Perez i Madrid Spania, Oberschule Westerzgebirge i Bad Schlema Tyskland og Stryn vidaregåande skule.
Det er elevar og lærarar knytt opp mot språkfag på studiespesialiserg ved Stryn vidaregåande skule som deltek i det europeiske samarbeidet. Gjennom prosjektet vert det sett fokus på læring og undervisning i det moderne digitale klasserommet. Gjennom partnarbesøk og konferansar vil lærarar og elevar frå dei samarbeidande landa dele kunnskap og erfaringar. Lærarane frå partnarskulane vil bli utfordra til å undervise på skulane i dei andre landa, dei vil ta i med seg nye idear, pedagogiske utfordringar og moderne undervisningsmetodar inn i klasserommet. Som ein del av prosjektet vil også elevane bli utfordra til å demonstrere digital kunnskap og ferdigheiter som dei har tileigna seg som resultat av det transnasjonale samarbeidet.


Det første møtet i prosjektet var på samarbeidsskulen Alessandro Volta i Perugia i Italia, omlag 2 timars togreise frå Roma. Byen Perugia er ein typisk italiensk by, med mykje kultur og historie. Byen har omlag 160 000 innbyggarar og ligg i provinsen Umbria. Alessandro Volta er ein skule med omlag 1200 elevar, ca. 80 jenter og resten gutar. Skulen er ein kombinasjon mellom studiespesialisering og teknisk fagskule. Det var eit fruktbart prosjektmøte med planlegging av felles aktivitetar samt strategi, målsettingar, rolleavklaringar og resultat for prosjektet. I mai 2013 var det Comenius konferanse i Stryn der Stryn vidaregåande var vertskap for lærarar og elevar frå dei samarbeidande landa i Europa.

bad sc


Frå 2. – 6.desember var det konferanse på Oberschule Westerzgebirge i Bad Schlema i Tyskland. Bad Schlema ligg i delstaten Sachsen ca. 25 kilometer frå den tsjekkiske grensa. Bad Schlema er ein gammal gruveby, og i nedslagsfeltet til skulen bur der ca. 8000 menneske. Dei to næraste kjende større byane er Dresden og Leipzig, begge med ein avstand på i overkant av ein time med bil. Oberschule Westerzgebirge er ein privatskule med ca. 200 elevar. Skulen har sterkt fokus på kvalitet og resultat. Dei satsar på gode lærarar med høg kunnskap og kompetanse. Satsinga på lærarane speglar gode elevresultat. Skulen var blant dei beste i Sachsen, og Sachsen var den beste delstaten i Tyskland i PISA-undersøkinga 2012.
Elevane var innlosjerte privat hos foreldre til elevar på skulen under opphaldet i Bad Schlema. Dette gjorde at elevane «våre» måtte bruke språkkunnskapane sine samstundes som dei fekk oppleve korleis jamaldringar har det i denne delen av Tyskland. Elevane opplevde dette som svært positivt sjølv om det på førehand også gjorde dei spente og på grensa til nervøse. Men - skulen hadde gode erfaringar med å bruke vertsfamiliar, så opphaldet vart ei svært positiv oppleving.

bad sc


I løpet av opphaldet i Bad Schlema vart det arrangert eit svært vellukka besøk til Leipzig, der temaet var kunnskapsformidling omkring «Battle of the Nations», det store slaget i august 1813. Først var det besøk til Asisi Panometer Leipzig, der slaget var framstilt fotografisk i eit panometer (ei 360-graders fotoframsyning der omkrinsen var over 100 meter og høgda kring 30 meter) for seinare å besøkje minnesmerket for dette slaget der meir enn hundre tusen døde i løpet av nokre få dagar. Dette minnesmerket vart reist i 1913 til minne om dei grufulle hendingane hundre år før der fleire nasjonar støytte saman. Napoleon flykta frå slaget for knappe to år seinare endeleg å bli slegen i slaget ved Waterloo i Belgia.
Elevane gjekk i grupper når dei kom tilbake på skulen i Bad Schlema etter dette besøket og kom så med korte presentasjonar der dei fortalde kva dei hadde lært. Her vart elevane frå dei ulike landa "blanda», og lærarane frå Stryn var svært stolte av det «våre» elevar viste av språkkunnskap og presentasjonsteknikk under framføringa.
Neste konferanse i prosjektet er i Madrid 10. -14.februar. Sjølv om arbeidsspråket i prosjektet er engelsk, er det lærarar som underviser i spansk, og elevar som har spansk som fag som får delta på konferansen. Elevane skal bu hos vertsfamiliar og vil då kunne bruke språkferdigheiter sine i spansk.
Sluttkonferansen i prosjektet er i Cork i Irland frå 1.- 4.april i år. Partnarskapen vil då evaluere prosjektet, summere opp tileigna kunnskap, ferdigheiter og erfaringar. Det viktigaste er kanskje; Kva har vi lært av kvarandre, korleis kan vi nytte dette på eigen skule og korleis kan det bidra til å auke kvaliteten på elevane si opplæring?
Målet med det transnasjonale samarbeidet for Stryn vidaregåande skule er følgjande;
· Kunne vidareutvikle oss s om utdanningsinstitusjon i samarbeid med internasjonale aktørar innan fag og arbeidsmåtar
· Elevar og lærarar får tileigne seg ny og framtidsretta kunnskap, kompetanse, ferdigheiter og erfaring
· Gjere utdanningstilbodet og undervisninga ved Stryn vidaregåande skule attraktiv og robust
Stryn 5.januar 2014
Johanne Elisabett Sørdal
Utviklingsleiar
Stryn vidaregåande skule
Tips ein ven Skriv ut