Stryn vidaregåande skule
Eksamen 2018

Standpunkt og klagefristar

Ønskjer du å klage på ein karakter, må du gjere dette innan 10 dagar etter at karakterane vert publisert i SkuleArena. NB! For Vg3-elevane gjeld ein hurtigklagefrist. Les meir her.

 

På grunn av koronasituasjonen og eksamen vart avlyst, er karaktersettinga av standpunkt, orden og åtferd utsatt til 12. juni. Dersom du ønskjer å klage på ein karakter må du sette deg godt inn i reglane under og halde klagefristen.

Kva kan du klage på?

Elevar kan klage på alle karakterar som skal førast på vitnemålet, det vil seie standpunktkarakterar, orden- og åtferdskarakterar og eksamenskarakterar/ privatisteksamen. Det kan også klagast på vedtak om ikkje å sette standpunkt. Ver merksam på at du ikkje kan klage på halvårsvurderingar då desse er ein mellombelskarakter som ikkje blir ført på vitnemålet.

Kven kan klage?

Du kan klage sjølv eller gje ein annan skriftleg fullmakt til å klage på dine vegne. Dersom du er umyndig, har dine foreldre/føresette sjølvstendig klagerett.

Klage på standpunkt, orden og åtferd

Ordinær klagefrist er 10 dagar. Elevar har rett til å få grunngjeving frå faglærar før dei klager. Dersom eleven ber om grunngjeving, gjeld klagefristen frå eleven fekk grunngjevinga. Ordinær klagefrist på standpunkt er torsdag 25. juni

Hurtigklagefrist for elevar på vg3

For elevar på vg3 er det ein hurtigklagefrist søndag 21. juni. Vg3-elevar som klagar innan denne fristen vil då rekke å få nytt vitnemål innan fristen for opptak til høgare utdanning

Korleis klage?

Vestland fylkeskommune jobbar med å utarbeide ein rettleiar for elevar om klage på standpunkt. Denne vil bli lagt ut så fort den er klar. Dei vil også lage eit felles klageskjema som alle skular skal bruke. Klageskjemaet vil bli publisert på vestlandfylke.no og skulane vil få lenke som kan leggjast ut på skulen si heimeside. Men generelt gjeld det at klagen skal leverast skriftleg til skulen med grunngjeving for klagen og signert av den som sender klagen.

Kven handsamar klagen?

Klage på standpunktkarakter i fag, eller vedtak om ikkje å sette standpunktkarakter, skal sendast til skulen. Klagen blir handsama av ein klageinstans vedtatt av fylkestinget. Klageinstansen kan berre vurdere om gjeldande retningslinjer for karakterfastsetting er følgt.

Saksgang

Samen med klagen din vert det sendt ei uttale frå faglærer om korleis karakteren er fastsett, eller kvifor det ikkje er sett karakter, og ei uttale frå rektor om sakshandsaminga ved skulen. Du skal få kopi av desse uttalene.

Får du ikkje medhald i klageinstansen, er avgjersla endeleg. Får du medhald, vil klageinstansen påpeike kva reglar den meiner er brote eller som det kan reisast tvil om er brote, og sende saka tilbake til skulen. Dette vil du få informasjon om. Deretter må rektor og faglærar foreta ei ny vurdering. Rektor sett då endeleg karakter. Den nye avgjerda kan det ikkje klagast på.

Klage på nedsett standpunktkarakter i orden og i åtferd sendast også til skulen. Før den vert sendt vidare til klageinstansen skal kontaktlæraren din og rektor lage en uttale bl.a. om kva karakterar som har vore gitt tidligare, grunnlaget for å setje ned karakteren, kva tiltak skulen har sett i verk for å rette på forholda og korleis skulen si sakshandsaming har vore. Du skal ha kopi av skulen si uttale. Klageinstansen avgjer om karakteren skal endrast, til gunst eller ugunst for deg. Dette vedtaket kan ikkje påklagast.

Dersom ei klage medfører endra karakter, skal det skrivast ut nytt vitnemål eller kompetansebevis. Det gamle skal leverast tilbake.

Du skal få informasjon om klageretten, klagefristar, kva ei klage skal innehalde, kor den skal sendes, kven som skal handsame den m.m. av skulen din. Alle bestemmelsene om klage på vurdering finner du i kapittel 5 i forskrift til opplæringsloven.