Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Dei ulike yrka/Stillasfaget

Stillasbyggjar med fagbrev

Aktuelle arbeidsstader

Som stillasbyggjar kan du få jobb i bedrifter som har spesialisert seg på stillasbygging, og innanfor bygg og anlegg, verkstader, mekanisk industri, oljeverksemder og oljerelatert industri.

Sentrale arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsområde er

  • bygging av stillas som arbeidsplattform og tilkomst for andre fagarbeidarar ved nybygg
  • bygging av stillas på eksisterande bygg
  • vere planleggjar, arbeidsleiar og koordinator for prosjekt
  • bygging av stillas for landbasert og oljerelatert offshore industri
  • rigging, stropping og planlegging ved kranlyft
  • industriklatring ved bruk av klatreutstyr, monteringsarbeid ved bruk av «tilkomstteknikk»

Personlege eigenskapar

Arbeidet inneber fysiske og psykiske utfordringar ved arbeid på bakken og i høgda. Fagarbeidaren må kunne berekne tunge lyft, ha god teknisk innsikt og gode fagkunnskapar. Stillasbyggjaren er viktig i arbeidet med å førebyggje ulykker og må ha kunnskap om stillasforskriftene. Du må kunne arbeide planmessig. Språkkunnskapar og kunnskapar om andre kulturar er positivt i yrkesutøvinga.

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker