Stryn vidaregåande skule

Stryn kan få midlar til tettstadforming


Fylkesdirektøren for plan og samfunn rår hovudutvalet for plan og næring til å gi sju tettstader til saman over 3,3 mill. kr til tettstadforming i 2014.
Dei sju kommunane er Fjaler, Stryn, Gloppen, Solund, Jølster, Luster og Vågsøy.

Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff rår hovudutvalet til å fordele tettstadformingsmidlane slik:

  • Fjaler kommune, tettstadforming i Dale: 240 000 kr
  • Stryn kommune, utvikling av Stryn sentrum: 220 000 kr
  • Gloppen kommune, sentrumsanalyse for Sandane: 120 000 kr
  • Solund kommune, tettstadforming i Hardbakke: 900 000 kr
  • Jølster kommune, lysplan for Skei: 64 000 kr
  • Luster kommune, prosjektering av torg i Gaupne: 80 000 kr
  • Vågsøy kommune, møteplass og handlegate i Måløy: 1 719 000 kr

Fylkesdirektøren rår også hovudutvalet til å løyve 200 000 kr til ny kunnskap om tettstadforming.

– Vi treng å få gjennomført ein verkstad eller eit seminar for å auke kunnskapen vi har om tettstadforming. Tiltaket er retta mot både den administrative og politiske delen av kommunane i fylket. Slik kan vi få ny kunnskap, utveksle erfaringar og styrke kunnskapen om tettstadforming inn mot plan- og utviklingsarbeid i kommunane, seier Hoff.

Det kom i år inn til saman 14 søknadar om midlar til tettstadforming, og søkjarane søkte om til saman 15 mill. kr.

Hovudutvalet for plan og næring handsamar saka 27. mai 2014.

Les tilrådinga og heile saksutgreiinga
36/14 – Tettstadforming 2014 – tildeling av midlar

Fullstendig saksliste for møtet i hovudutvalet 27. mai.

For meir informasjon
Svein Arne Skuggen Hoff
fylkesdirektør
tlf.: 918 88 868
e-post: svein.arne.hoff@sfj.no