Stryn vidaregåande skule
Best i Norge! Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Best i Norge! Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Stryn vidaregåande skule - Best i Norge på gjennomføring!

Stryn vidaregåande skule er best i Norge på gjennomføring i vidaregåande opplæring både på yrkesfag og på studiespesialiserande. Resultata vart feira med kake på personalrommet i dag - spandert av fylkesdirektøren for opplæring. 

Publisert 14. juni 2019 Oppdatert 14. juni 2019 av Runar Bjørkvik Mæland

I dei studieførebuande utdanningsprogramma gjennomfører 92,8 prosent av elevane i Sogn og Fjordane innan fem år. Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma har lågare grad av gjennomføring, der gjennomfører 71,5 prosent. Dette er det høgaste talet ungdomar som har gjennomført vidaregåande opplæring innan fem år – nokon sinne.

Gjennomføring i vidaregåande opplæring 2013-2018*

 

Yrkesfag

Studieførebuande

Sogn og Fjordane

71,5

92,8

Rogaland

69,7

91,3

Buskerud

69,5

88,4

Telemark

69,1

88,9

Akershus

69,0

91,1

Hordaland

67,3

88,7

Vest-Agder

67,1

91,4

Hedmark

66,5

89,7

Aust-Agder

66,4

90,7

Møre og Romsdal

65,6

91,7

Oppland

65,4

88,9

Vestfold

65,4

88,1

Trøndelag

64,5

88,5

Østfold

63,4

89,9

Oslo

61,9

85,9

Troms

59,2

86,1

Nordland

58,6

85,3

Finnmark

53,3

78,9

* fullført på normert tid, meir enn normert tid og planlagt grunnkompetane (Kjelde)

God innsats over lang tid

Dette kom fram då Statistisk sentralbyrå la fram dei nyaste tala for gjennomføring i vidaregåande opplæring 13. juni.

– Tala viser at alle som jobbar med vidaregåande opplæring gjer ein stor innsats i at den enkelte elev og lærling skal kunne lukkast. Dei vidaregåande skulane støttar godt opp om den enkelte elev og vi har flinke tilsette. Bedriftene og opplæringskontora stiller opp med læreplassar og gir den enkelte moglegheit til å bli fagarbeidar, seier leiar for hovudutval for opplæring, Karianne Torvanger.

Motivasjon for vidare arbeid

Blant alle elevane som starta på vidaregåande opplæring – både studiespesialiserande og yrkesfag – i 2013, gjennomførte over 80 prosent av dei opplæringa innan fem år. Det er over fire prosentpoeng fleire enn i 2010-kullet.

– I Sogn og Fjordane har vi lange tradisjonar med å arbeide saman frå fylkesting til klasserom og verkstad om å tilby den beste opplæringa til den enkelte. Å lukkast med den vidaregåande opplæringa er ein av dei viktigaste samfunnsoppdraga som er. No er det viktig at alle held fram det gode arbeidet som er i gang. Statistikken kan vere grunnlag for vidare motivasjon i arbeidet med å auke gjennomføringa, slår Torvanger fast.

skulegraf.png

 

Tips ein ven Skriv ut