Stryn vidaregåande skule

Studiespesialisering

Tre år på studiespesialisering gir deg generell studiekompetanse og rett til å studere vidare på universitet og høgskular i Norge og utlandet.
Programområde Realfag
Dette programområdet gir deg generell studiekompetanse, og best mulegheit til å fylle spesielle opptakskrav ved fordjuping i matematikk og andre realfag. Det gir deg grunnlag for å søkje ulike studiar ved høgskular og universitet, for eksempel innanfor realfag og medisin og i naturvitskaplege og teknologiske fag.
Er du utforskande og analytisk, liker å eksperimentere og resonnere, kan realfag vere retninga for deg.
Programområde språk, samfunnsfag og økonomi
Dette programområdet gir deg generell studiekompetanse. Det gir grunnlag å søkje dei fleste studium ved høgskular og universitet, for eksempel innan litteratur, kultur, språk, samfunnsfag og økonomi.
Er du interessert i kultur og samfunnsforhold og økonomi eller har anlegg for språk, kan dette vere retninga for deg.
FELLESFAG
VG1
VG2
VG3
Norsk
4
4
6
Matematikk
5
3
Naturfag
5
Samfunnsfag
3
Engelsk
5
2. framandspråk
4
4
Geografi
2
Historie
2
4
Religion
3
Kroppsøving
2
2
2
Sum timar pr. veke fellesfag
30
15
15
I matematikk må ein velje enten P (praktisk) eller T (teoretisk).
I 2. framandspråk må ein velje:
· Spansk 2 dersom ein har hatt spansk i grunnskulen
· Tysk 2 dersom ein har hatt tysk
· Spansk 1 dersom ein har hatt fransk eller andre språk
Dersom ein ikkje har hatt 2. framandspråk i grunnskulen, må ein ha spansk i tre år.

PROGRAMFAG ST
VG2
VG3
REALFAG
5
5
5
5
5
5
5
5
5
5
SPRÅK, SAMFUNNSFAG OG ØKONOMI
5
5
5
5
5
5
5
5
ANDRE PROGRAMFAG
Breiddeidrett 1
5
Breiddeidrett 2
5
Toppidrett 1
5
Toppidrett 2
5
Val av programområde og programfag:
  • På Vg2 må elevane velje eit programområde. Enten
    • realfag eller
    • språk, samfunnsfag og økonomi.
  • To programfag frå det valde programområdet, må lesast over to år.
  • I tillegg vel elevene eitt fritt programfag i Vg2 og eitt i Vg3.
  • For elevar som vel matematikk R1 eller S1 utgår fellesfaget i matematikk. Dei 3 veketimane som då fell bort må erstattast av et fritt valt programfag.
  • Alle elevar må ha fag tilsvarande minst 90 veketimar over tre år. I snitt 30 veketimar per skuleår.

Forskrift om opptak til høgare utdanning