Stryn vidaregåande skule

"Teaching Methods on the Move" - Prosjektmøte i Tyskland


Kommande veke deltek ei gruppe elevar og lærarar frå studiespesialiserg ved Stryn vidaregåande skule på prosjektmøte i Bad Schlema i Tyskland.
Hovudfokuset i prosjektet utveksling av undervisningsmetoder i det moderne digitale klasserommet.

Program for prosjektmøtet i Bad Schlema

Les meir om prosjektet

-Spennande og framtidsretta europeisk prosjekt på Stryn vidaregåande skule-
«Teaching Methods on the Move»
Prosjektet «Teaching Methods on the Move» er eit samarbeid mellom fem vidaregåande skular i fem ulike land. Partnarskapen i prosjektet er Davis College Cork Irland, Alessandro Volta i Perugia Italia, I:E:S: Profesor Julio Perez i Madrid Spania, Mittelschule Westergebirge Bad Sclema i Tyskland og Stryn vidaregåande skule.
Det er elevar og lærarar på studiespesialiserg ved Stryn vidaregåande skule som deltek i det europeiske samarbeidet. Gjennom prosjektet vert det sett fokus på læring og undervisning i det moderne digitale klasserommet. Gjennom partnarbesøk og konferansar vil lærarar og elevar frå dei samarbeidande landa dele kunnskap og erfaringar.
Lærarane frå partnarskulane vil bli utfordra til å undervise på skulane i dei andre landa. Våre lærarar vil kunne ta med seg nye idear, pedagogiske erfaringar og moderne undervisningsmetodar tilbake til klasserommet i Stryn. Som ein del av prosjektet vil også elevane bli utfordra til å demonstrere digital kunnskap og ferdigheiter som dei har tileigna seg som resultat av det europeiske samarbeidet.
Målet med å delta i dette Comenius prosjektet er følgjande for Stryn vidaregåande skule:
· Kunne vidareutvikle oss s om utdanningsinstitusjon i samarbeid med internasjonale aktørar innan fag og arbeidsmåtar
· Elevar og lærarar får tileigne seg ny og framtidsretta kunnskap, kompetanse, ferdigheiter og erfaring
· Gjere utdanningstilbodet og undervisninga innan studiespesialisering attraktiv og robus
com