Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon
Lakkering i lakkboks

Teknikk og industriell produksjon

Er du praktisk anlagt og nysgjerrig på teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner, sveising, lakkering og produksjon basert på teknisk teikning i 3D, automatiserte prosessar, montering og/eller reparasjon?

Startar du eit utdanningsløp på teknikk og industriell produksjon (TIP) kan du seinare velje å utdanne deg til gode jobbar innan mange yrke. Elevane som byrjar på TIP ved Stryn vidaregåande skule utdannar seg mellom anna vidare innan køyretøyfaga, industrifaga, oljebransjen, kjemiprosess, automatisering, anleggsteknikk, yrkessjåfør, logistikkoperatør og maritime fag.

Du som vel teknikk og industriell produksjon, bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør kunne arbeid sjølvstendig og saman med andre i yrker der helse, miljø og tryggleik står sentralt. Interesse for og evne til å sette seg inn i ny teknologi er viktig i eit fag i rivande utvikling.

På utdanningsprogrammet TIP tilbyr Stryn vidaregåande skule følgjande programområde:

* Vg1 Teknikk- og industriell produksjon

* Vg2 Transport og logistikk

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om faget Teknikk og industriell produksjon og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no - TIP

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Johanne Elisabett Sørdal
Avdelingsleiar yrkesfag
johanne.elisabett.sordal@sfj.no
917 24 301