Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknologi og industrifag
TPA elevane lagar Gokart   Foto: Leiv Arne Egset

TPA elevane lagar Gokart Foto: Leiv Arne Egset

Teknologi og industrifag

Er du praktisk anlagt og nysgjerrig på teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner, sveising, lakkering og produksjon basert på teknisk teikning i 3D, automatiserte prosessar, montering og/eller reparasjon?

Startar du eit utdanningsløp på teknologi og industrifag (TIP) kan du seinare velje å utdanne deg til gode jobbar innan mange yrke. Elevane som byrjar på TIP ved Stryn vidaregåande skule utdannar seg mellom anna vidare innan køyretøyfaga, industrifaga, oljebransjen, kjemiprosess, automatisering, anleggsteknikk, yrkessjåfør, logistikkoperatør og maritime fag.

Du som vel teknologi og industrifag, bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør kunne arbeid sjølvstendig og saman med andre i yrker der helse, miljø og tryggleik står sentralt. Interesse for og evne til å sette seg inn i ny teknologi er viktig i eit fag i rivande utvikling.

På utdanningsprogrammet TIP tilbyr Stryn vidaregåande skule følgjande programområde:

* Vg1 Teknologi og industrifag

* Vg2 Transport og logistikk

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om faget Industri og teknologifag og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no - TIP

Kontakt

Marit Løvøy Gascogne
Avdelingsleiar yrkesfag
marit.lovoy.gascogne@vlfk.no
480 66 029