Simon Kvile    Foto: Fjordingen

Simon Kvile Foto: Fjordingen

Til NM i resepsjonsfaget

Simon Kvile var elev på Vg2 Reiseliv ved Stryn vidaregåande skule i fjor. I år er han resepsjonslærling på Gloppen Hotell og deltoknyleg  i NM for resepsjonsfaget.

Tekst og foto: Fjordingen 

- I dag skal 19 år gamle Simon Kvile konkurrere om å bli Norges beste resepsjonslærling under SMAK-messa på Lillestrøm. Simon er lærling på Gloppen Hotell, der han tok til i september etter å ha gått VG2 reiseliv ved Stryn vidaregåande skule. Det er forste gong det vert arrangert NM for resepsjonslærlingar, og Simon seier han håpar tevlinga blir laga til på ein realistisk måte.

– Korleis blir det å skulle handtere fiktive gjester og problemstillingar framfor eit dommarpanel?

– Eg er litt nervøs, men eg trur det skal gå fint. Eg kjem til å ta det som god læring, seier breimningen til Fjordingen.

Semifinaleoppgåva er delt inn i tre deler, med praktiske oppgåver gjennom rollespel, munnleg teorioppgåve og ei skriftleg oppgåve. Før konkurransen blir lærlingane tildelt eit reelt hotell i København som dei skal representere.

For å kunne løyse oppgåva må dei ha greidd å forstå filosofien og driftsmetodane til hotellet.

- Eg er sikker på at eg får god bruk for det eg lærte på VG2 reiseliv i Stryn. Særleg den delen som gjeld handtering av gjestene, seier Simon til Fjordingen.-

Les bloggen til Preben Moen, Gloppen Hotell 

 

Tips ein ven Skriv ut