Stryn vidaregåande skule
Utstyr til hurtigtest Covid 19  Foto: Stryn vgs

Utstyr til hurtigtest Covid 19 Foto: Stryn vgs

Tilbod om hurtigtest Covid 19 frå måndag 3. mai

Alle elevar og tilsette kan no vere med i fylkeskommunen si massetesting.

Hurtigtest av Covid 19

Stryn vgs vil i mai teste elevar og tilsette regelmessig med hurtigtestar. Dette vert gjort for at elevar skal kunne vere mest mogeleg til stades på skulen. Samtidig vil vi med dette finne dei personane som kan smitte andre raskast mogeleg.

Praktisk informasjon

Det er frivillig å ta testen, og ein kan når som helst trekkje seg.

Alle får tilbod om testing to gongar pr. veke. Testinga blir gjort i klasserommet, og ein vil få opplæring av helsepersonell eller andre tilsette om korleis dette skal gjerast. Resultata frå testen er klar 15 – 20 min etter testing.

Ved negative resultat vert det ikkje gitt tilbakemelding til klassen.

Ved positiv test, vert det delt ut munnbind til klassen og dei vert sendt heim og i karantene. Dei som får positiv test vert personleg orientert av skulen og skal i isolasjon. Dei må vidare til testing i kommunen.

 

Bakgrunn for massetestinga

Alle vidaregåande skular i Vestland skal gjennomføre massetesting av elevar i mai i år. Dette er eit tiltak for å hindre spreiing av smitte i samband med covid 19-pandemien. Ved å teste elevar og tilsette antar ein at ein reduserer risikoen for spreiing. Samtidig får elevane på skulen ei meir stabil opplæring ved at skulen kan vere open. Det vil ikkje bli ført noko form for registrering eller journalføring av kven som er testa, men dei med positive prøvesvar vil bli sendt vidare til grundigare testing ved testsenteret i kommunen.

Viktig!

Vanlege Corona-reglar gjeld framleis. Dersom du har symptom skal du ikkje møte på skulen, sjølv om det er testing den dagen. Ring Coronatelefonen, 57 87 49 29, open kl 09 - 12.