Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Dei ulike yrka/Tømrarfaget

Tømrar med fagbrev

Aktuelle arbeidsstader

Som tømrar kan du få jobb i tømrar-, entreprenør- eller byggjefirma.

Sentrale arbeidsoppgåver

Tømrarfaget omfattar bygging og montering av ulike typar trekonstruksjonar. Sentrale arbeidsområde er

  • konstruksjons- og innreiingsarbeid i bygningar i tre, mur, stål eller betong
  • produksjon og montering av element, modular og innreiingar
  • lafting
  • rehabilitering og vedlikehald av bygningar
  • teiknings- og konstruksjonsforståing
  • arbeidsplanlegging og drift av byggjeplassar

Personlege eigenskapar

Tømrarfaget krev sjølvstendige utøvarar som er nøyaktige, kreative, nytenkjande og miljøbevisste. Du må kunne samarbeide med andre, ha gode materialkunnskapar, god kommunikasjonsevne, praktisk sans og godt handlag.

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker