Foto som syner dansegruppa Aladdin

Martha Linnea Pukallus

UKM 2018

Er du mellom 13 og 20 år og ønskjer å delta i UKM? No kan du melde deg på UKM 2018!

UKM står for Ung Kultur Møtest og er ein møteplass for ungdom og kultur der du kan delta med alle slags kulturuttrykk. Du kan også delta som konferansier, arrangør og i UKM Media.

Påmeldinga skjer via nettsida til UKM Sogn og Fjordane. Der finn du også kontaktinformasjon til dei ansvarlege i kommunen din.

Vidare til fylkes- og landsfestival

Kvar kommune vel under lokalmønstringane ut ungdomar som får representere kommunen på  UKM-festivalen Sogn og Fjordane. Kommunemønstringane vert arrangerte i perioden februar til mars, og UKM-festivalen Sogn og Fjordane vert i Høyanger 13.–15. april 2018.

Sogn og Fjordane sender om lag 30 deltakarar frå fylkesfestivalen til den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim 25.–29. juni 2018.

Kontakt UKM-kontakten i din kommune om du har spørsmål som gjeld UKM.

Kontaktperson i fylkeskommunen

Eva Kristin Svidal
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no

 

Publisert 14. desember 2017 Oppdatert 14. desember 2017 av Birthe Johanne Fredheim Finstad

Tips ein ven Skriv ut