Støtta barnekreftforeininga: Servicegjengen UB ved VG1-Service og Samferdselselevar ved Stryn vgs. Bak til venstre: Johannes Garlid Tenden, Håkon Hammer Bergh, Siri Oline Lillestøl, Cristine Indrebø Turøy, Mussie Melake, Magnus Vik Skrede, Kristoffer Gjerde Årdal og Arild Østerbø. F.f.v: Kjell Sunde Haugen, Lars Martin Melheim, Sondre Skåden Aarreberg, Lise Fure Håvik, Malin Riise Gran, Dawid Michalski, Marius Sunde Haugen og Lucia Trvalcova. Ikkje til stades: Anders Sverre Sande Hoem  Foto: Stryn vgs

Ungdomsbedrift støtta Barnekreftforeininga

«Servicegjengen UB» ved Stryn vidaregåande skule gav overskotet sitt til Barnekreftforeininga.

Ungdomsbedrifta «Servicegjengen UB», som går Vg1 Service og samferdsel ved Stryn vgs, laga i fjor haust fleire julerelaterte produkt som dei selde under julemarknaden i Stryn Kulturhus.

- Der selde dei alt frå  julekoppar, lykter og julesnacks. Etter jul jobba ungdomane med å stable på beina eit eige arrangement som resulterte i ei fotballturnering i Strynehallen 15. mars i år, opplyser faglærar ved Service og samferdsel ved Stryn vgs, Siv Randi Berstad.

Overskotet valte elevane å donere til Barnekreftforeininga. Førre veke sette ungdomsbedrifta inn 4.893 kroner til dette føremålet.

 Ein flott gjeng med eit godt hjarte, seier Berstad.

  Roger Oldeide roger.oldeide@fjordingen.no

Tips ein ven Skriv ut