Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Opplæring fram til fagbrev/Utdanningsopphald på København Tekniske skole

Utdanningsopphald i København

Dersom du er elev ved Vg2 Byggteknikk ved Stryn vidaregåande skule kan du få mulegheit til å vere utvekslingselev i 3 veker på København tekniske skole.

Stryn vidaregåande skule har sidan 2011 har tett samarbeid med København tekniske skole. Prosjektsamarbeidet har fått høg prioritet frå Europakommisjonen der hovudføremålet har vore å utveksle og utvikle kvaliteten på fag- og yrkesopplæringa innan bygg- og anleggsfaga fram til fagbrev og fram til høgare utdanning.

Hovudføremålet med samarbeidet:

  • Utveksle kunnskap, kompetanse og ferdigheiter
  • Utveksle kunnskap om byggetradisjonar, byggemåtar, byggkrav, materialbruk, konstruksjonar og nye trendar
  • Elevane får tileigne seg grunnleggande kunnskap og ferdigheiter innan murarfaget
  • Arbeidspraksis for elevar
Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Johanne Elisabett Sørdal
Utviklingsleiar
917 24 301

Relaterte lenker