Stryn vidaregåande skule

Vakkert og vått


Elevane på VG1 Service og samferdsel var på naturfagtur til Flostranda Naturreservat i går med faglærar Per Ingebrigt Karbø.
Elevane fekk lukte på lind, ramslauk, myske og mårdrit, og smake på gaukesyre og høyrte bokfink, svarttrost og gransangar. Og - det var vakkert og vått....sjå på neste side.

flo

I år er det vått. Plantene vårmarihand og skogvikke er difor spesielt vakre og frodige. Veret gjer at det er mindre av dei insektetande fuglane, vi høyrde mest bokfink, og den er frøetar.
På vegen fikk vi nærkontakt med ein grønsisik som hadde løvetannfrø i nebbet. ...
Vi kryssa trygt mellom dei høge fossane i Marsåna med tau som sikring.
Det vart ein tre og ein halv timars fin og våt tur gjennom edellauvskogen frå Vikasetra til Flo.
Brattheng på vestlandet er super-interessante økosystem med rikt biologisk mangfald. Mange av liene er lite utforska, akkurat som regnskogane under ekvator. Det er neppe ukjente apekattar i vestlandsliene, men det er heilt sikkert artar av mindre dyr og plantar som er ukjente for vitskapen.
Fjellet vi ser på bilete er Kvitfjell.
Takk for ein fin tur til lærar Per Ingebrigt Karbø.

flo