
Vg2 Byggteknikk Foto: Stryn vgs
Vaksenopplæring
På denne sida finn du det vidaregåande opplæringstilbodet for vaksne skuleåret 2021-22.
Til hausten startar Stryn vidaregåande skule eit utdanningstilbod til vaksne minoritetsspråklege med føremål om fagbrev som tømrar. Utdanningstilbodet er eit samarbeid mellom skulen, næringsliv og NAV.
Målgruppe
Målgruppa er i hovudsak minoritetsspråklege, men opplæringstilbodet kan òg rettast mot andre målgrupper.
Gjennomføring
Utdanninga er 4-årig, der sluttkompetansen er fagbrev som tømrar. Utdanninga kombinerer teori og praksis frå første skuleår, gjennom at eleven vekslar mellom opplæring i skulen og i bedrift. Opplæringa i skulen er i hovudsak organisert med undervisning på dagtid (08.55 – 15.30), og varierer mellom teoretisk opplæring i fellesfag og programfag kombinert med praksis i verkstad. Praksis/læretid i bedrift følgjer bedrifta sin arbeidstid.
Opplæringsmodell Bygg- og anlegg
Spørsmål og rettleiing
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med rettleiingstenesta ved hjelp av denne lenkja
Søk på vigo.no
For å få tilbod om vaksenopplæring / realkompetansevurdering, må du sende søknad via www.vigo.no. Klikk deg inn på “Vaksenopplæring/realkompetansevurdering” og følg instruksjonane du får. Legg inn ønska sluttkompetanse, tidlegare skulegang og praksis. Dersom du ønskjer rettleiing, kryssar du av for dette, og vi kontaktar deg.