Stryn vidaregåande skule

Vekslingsmodell 2014-18

Vekslingsmodell Bygg- og anleggsteknikk
Stryn vidaregåande skule
Prosjekt i samarbeid med Utdanningsdirektoratet 2014-18
Lokal vekslingsmodell
Den overordna målsettinga med utprøving av vekslingsmodellen er knytt opp mot skulen sitt samfunnsansvar. Ein lokal vekslingsmodell innan Bygg- og anlegg i Stryn må sjåast i samanheng med og vere tilpassa distriktsperspektivet. Elevane må ha sin arbeidspraksis i lokale bedrifter, eller bedrifter som utfører oppdrag lokalt. Det er ein føresetnad at det er akseptabel avstand mellom skule og bedrift slik at lærar kan følgje opp og vurdere eleven sin praksislæring. Eit anna viktig moment er at elevane og elevane sine val av lærefag må bidra til å nøytralisere spennet mellom bedriftene sitt behov for lærlingar og faglært arbeidskraft.
Målsetting til Stryn vidaregåande skule med vekslingsmodellen
Ei viktig målsetting er å skape kvalitet og relevans i opplæringa frå VG1 og fram til fagbrev gjennom ønska lærefag. Effektane vil sannsynlegvis føre til auka gjennomføring av vidaregåande opplæring, og bedriftene vil vere meir aktivt delaktig i elevane si opplæring. Eit anna viktig moment er at modellen vil gi effekt til andre vidaregåande skular på VG2 nivå, som VG2 Klima, miljø og energi og VG2 Anleggsteknikk, samtidig som skulen kan fylle opp eigen klasse innan VG2 Byggteknikk.
Stryn vidaregåande skule vil og oppretthalde samarbeidet med København Tekniske skole som ein del av vekslingsmodellen. Elevane på VG2 kan delta i eit tre vekes opplæringskurs innan murarfaget. Bakgrunnen for utdanningsopphaldet i København er at Sogn og Fjordane ikkje har bedrifter der elevane kan tileigne seg denne kompetansen.

Utdanningsprogram

Bakgrunn for prosjektet
Tradisjonelt vert modellen 2 år i skule og 2 år opplæring i bedrift nytta i opplæringa til elevane på yrkesfag. Utvikling i bransjen, samfunnsmessige utfordringar og endring i skulestrukturen i Sogn og Fjordane fordrar nye og meir fleksible løysingar, også innan opplæringssektoren. Stortingsmelding 20 opna i fjor for å prøve ut alternative og meir fleksible opplæringsmodellar innan yrkesfaga.
Bygg- og anleggsteknikk ved Stryn vidaregåande skule har spesielt dei siste åra arbeidd utviklingsorientert og målretta med kvalitet i det 4-årige opplæringsløpet til elevane. Skulen og faglærarane har tileigna seg kunnskap og erfaring gjennom samarbeid med relevante opplærings- bedrifter både lokalt, regionalt og på internasjonalt nivå. Internasjonalt samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar i Europa har tilført skulen erfaring og kunnskap som vert nytta i undervisninga og i opplæringa til elevane. Stryn vidaregåande skule har skuleåret 2013-14 prøvd ut lokal tilpassa vekslingsmodell/opplæringsmodell innan Bygg- og anleggsteknikk etter intensjonane i Stortingsmelding 20 «På rett vei – Kvalitet og mangfold i fellesskolen». Erfaringsresultata og verdilæringa denne opplæringsmodellen har gitt legg grunnlag for prosjektet med det mål å vidareutvikle samt kvalitetssikre opplæringa til elevane.
Overordna målsettingar
* Skape kvalitet og relevans i opplæringa
* Kunne tilby fleksibilitet i opplæringsløpet
* Kunne nytte relevante opplæringsarenaer
* Imøtekomme elevane sine ønskjer
* Auka gjennomføring av vidaregåande opplæring fram til fagbrev
* Faglærar skal kunne i større grad delta i elevane si opplæring i bedrift
* Kunne auke fagområda si yrkesstoltheit
* Imøtekomme næringslivet lokalt og regionalt sitt behov for læringar og faglært arbeidskraft
* Prøve ut 1+3 modellen i små fag / smale fagfelt i samarbeid med lokale og regionale bedrifter
Tips ein ven Skriv ut