Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Opplæring fram til fagbrev/Vekslingsmodellen

Vekslingsmodellen Bygg- og anleggsteknikk

I perioden 2014-18 deltek Stryn vidaregåande skule i eit samarbeidsprosjekt med Utdanningsdirektoratet.

Ny og framtidsretta opplæringsmodell

Prosjekt i samarbeid med Utdanningsdirektoratet 2014-18

Bygg- og anleggsteknikk ved Stryn vidaregåande skule har spesielt dei siste åra arbeidd utviklingsorientert og målretta med kvalitet i det 4-årige opplæringsløpet til elevane. Skulen og faglærarane har tileigna seg kunnskap og erfaring gjennom samarbeid med relevante opplæringsbedrifter både lokalt, regionalt og på internasjonalt nivå. Internasjonalt samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar i Europa har tilført skulen erfaring og kunnskap som vert nytta i undervisninga og i opplæringa til elevane innan bygg- og anleggsteknikk.

Erfaringane skulen har gjort seg internasjonalt er i tråd med intensjonane i Stortingsmelding nr. 20 «På rett vei – Kvalitet og mangfold i fellesskolen». Internasjonal kunnskap og erfaring samt Stortingsmelding nr 20 er bakgrunnen for at Stryn vidaregåande skule hausten 2014 starta opp eit 4-årig prosjekt med utprøving av «lokal vekslingsmodell». Prosjekt vekslingmodellen

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Johanne Elisabett Sørdal
Avdelingsleiar for yrkesfag
917 24 301
 
 
 
 

Relaterte lenker

Dokument