Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/Dei ulike yrka/Vektarfaget

Vektar med fagbrev

Aktuelle arbeidsstader

Som vektar kan du arbeide i vektar- og vaktselskap, alarmsentralar eller i større bedrifter som har tilsett eigne vektarar.

Sentrale arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsområde er

  • førebyggjande informasjonsteneste overfor publikum og kundar
  • planlegging og gjennomføring av sikkerheitstiltak hos kundar
  • førebyggjande verne- og sikringsarbeid og førsteinnsats ved uventa hendingar
  • salsarbeid og service
  • betening av automatiske varslings- og overvakingsanlegg
  • konflikthandtering

Personlege eigenskapar

Vektaren må kunne ta initiativ, arbeide kreativt, planmessig og sjølvstendig og ha god vurderingsevne. Du må ha evne til å samhandle med andre, løyse konfliktar, vise empati, lojalitet, ansvar og respekt. God skriftleg og munnleg framstilling, økonomiforståing og gode etiske haldningar er viktig.

Tips ein ven Skriv ut