Stryn vidaregåande skule

Velferdsteknologi i utdanninga- framtidsretta og spennande samarbeid mellom Stryn og Eid


Helse- og oppvekstfag ved Stryn vidaregåande skule og Elektrofag ved Eid vidaregåande skule har kobla seg sammen i eit unikt samarbeidsprosjekt.
Hovudfokus i prosjektet er følgjande;
Korleis kan kommune, lokalsamfunn, næringsliv og skule samarbeide om å møte framtidas omsorgsbrukarar?

Prosjekt Velferdsteknologi i utdanninga

- Morgondagens helsefagarbeidar-

Stryn og Eid vidaregåande skule er i godt i gang med eit spennande og framtidsretta samarbeidsprosjekt. Prosjektet er eit delprosjekt i eit større samarbeid mellom ulike aktørar ikkje berre i Sogn og Fjordane, men og i resten av landet.
Prosjektet er knytt opp mot Stortingsmelding nr. 29 « Morgondagens omsorg». Stortingsmeldinga gir oss ein indikasjon på utfordringane det enkelte lokalsamfunn står over for når vi skal møte den framtidas omsorgsbrukarar.

vel

Stortingsmelding nr. 29 har tre hovudmål:

* Få kunnskap om, leite fram, mobilisere og ta i bruk lokalsamfunna sine samla omsorgsressursar på nye måtar

* Utvikle nye omsorgsformer gjennom ny teknologi, ny kunnskap, nye faglege metodar og endringar av organisatoriske og fysiske rammer

* Støtte og styrke kommunane sitt forskings-, innovasjons- og utviklingsarbeid på omsorgsfeltet

Ei sentral problemstilling i prosjektet vert følgjande:

Korleis kan kommune, lokalsamfunn, næringsliv og skule samarbeide om å møte utfordringane og ta i bruk ressursane hos:

Den nye generasjonen eldre som har:

Høgare levealder

Betre økonomi

Høgare utdanning

Høgare teknologisk kompetanse

Yngre brukarar med langvarige kroniske sjukdommar

Brukarar med funksjonshemmingar

Brukarar med psykiske og sosiale vanskar

Korleis vil Stryn og Eid vidaregåande skule samarbeide med prosjektet

* Bygge Opplæringsleilegheit i Stryn

* Omarbeide og implementere velferdsteknologi i Felles Programfag og Prosjekt til fordjuping

* Opplæring til elevar, lærlingar, tilsette i kommunane, brukarar og pårørande

* Studieturar og konferansar