Stryn vidaregåande skule

Velferdsteknologi på agendaen


Onsdag var representantar frå kommunar, forsking, helsepersonall og opplæring samla på Skei til felles konferanse i Velferdsteknologi.
Eid og Stryn vidaregåande skule skal samarbeide i eit felles prosjekt med opplæring knytt til velferdsteknologi.

Helsedirektoratet har sett seg eit mål om å auke bruk av teknologi i helse- og omsorgstenestene drastisk innan 2020. Dette vedtaket blir no diskutert for alvor i fylket.
– Det blir fleire eldre, og det blir fleire yngre brukarar med stort hjelpebehov, teknologi vil vera ein måte å møta desse utfordringane på, seier Marta Strandos.
Ho er leiar for Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane. Senteret har ansvaret for læring og kompetanse i helse- og omsorg i heile fylket. Dei har fått midlar frå helsedirektoratet som satsar no på velferdsteknologi.
– No skal me altså hjelpe kommunane for at dei skal få nok kunnskap om korleis dei skal bruke teknologi innanfor sjukepleie, fortel Strandos.

vf

Velferdsteknologi
Det er altså snakk om mange forskjellige reiskapar. Det kan vera alt ifrå tryggleiksalarmar som er blitt brukt ein stund til utstyr som automatisk styrer lys og varme, målar blodsukker og blodtrykk, eller kartlegger kvar ein person er til ein kvar tid. Det kan også vera utstyr som vil hjelpe brukaren sosialt som videokamera, telefon eller PC.
– Slik teknologi er viktig for at eldre og andre hjelpetrengande skal kunne føla seg tryggare, seier Strandos.
Men det er altså ikkje berre til hjelp for brukarane, men òg pårørande og helsepersonell. Dei får nemleg betre moglegheit til å følgje med på korleis den enkelte brukaren har det og kan dermed hjelpe til når behovet oppstår, meiner Strandos.
Fleire treng hjelp, men få som kan hjelpe
Utfordringa med at det vert fleire hjelpetrengande er at det ikkje er nok helsepersonell i framtida. Hilde G. Corneliussen er forskar ved Vestlandsforsking. Ho jobbar fortida med eit prosjekt som har med teknologi og helse å gjere.
– Teknologien vil ikkje erstatte menneskeleg omsorg på nokon som helst måte, det vil kome i tillegg til dei teneste ein har allereie, seier Corneliussen.
Forskaren legg vekt på at det vil vera sosialt gunstig for brukarane også.
– Det kan også vera med på å gjera tilværet betre. Dei kan for eksempel kommunisera med andre slik som tilsette i helse- og omsorgstenestene og pårørande via Skype, seier Corneliussen.
Men det er ein del juridiske og etiske utfordringar ved det heile også. For slik teknologi kan avgrensa privatlivet til brukaren. – Dette er ting som vert diskutert, det har nokon konsekvensar som ein må vera obs på, særleg for dei brukarane som ikkje har samtykkekompetanse sjølv, så det vil vera viktige vurderingar som må takast, seier ho.
Alle skal inkluderast
Strandos er svært glad for at representantar frå alle kommunane kom til seminaret.– Det verkar som om me har treft eit behov i kommunane. Det var ikkje overraskande at det er eit behov, men det var overraskande at representantar frå alle kommunar prioriterte å kome. – Kommunane veit at dette er eit felt som det er forventa at dei skal jobbe med. Samtidig kan det verke uoversiktleg og vanskeleg å gripe tak i. Ved å vera samla her så tenker dei vell å få meir kunnskap om korleis me i lag kan utvikle prosjektet vidare.Hittil er det berre tre kommunar som har fått midlar frå fylkesmannen til å setje i gang. Det er Gloppen, Flora og Eid. Men no er målet å samarbeide for å søke om fleire midlar frå helsedirektoratet slik at alle kommunane kan kome i gang.
– Me vil bruke erfaringane som er blitt gjort hittil til å løfte dette prosjektet i fellesskap, seier Strandos.
– Me vil vera godt på veg innan 2020, men det er ikkje berre avhengig av kva me gjer, men det er mykje som må skje på nasjonalt hald også. Så vi får jobbe på så godt me kan, avsluttar Strandos.
Tekst: Hibba Sarmadawy, NRK Sogn og Fjordane