Stryn vidaregåande skule   Foto: Stryn vgs

Stryn vidaregåande skule Foto: Stryn vgs

Velkomen til nytt skuleår ved Stryn vidaregåande skule!

Første skuledag er måndag 16. august.

Møt opp på Kåre Roseth-plass (på austsida av skulen), evt i kantina ved dårleg vêr, måndag 16. august kl 09.00.

Hugseliste for nye (og gamle) elevar:

  • Logg deg inn på VIGO og svar JA til skuleplass om du ikkje alt har gjort det.
  • Har du krav på skuleskyss må du søke digitalt om dette kvart skuleår. Informasjon og skjema finn du her: Skuleskyss
  • Alle vg1-elevar treng eigen pc. Dersom du vil bestille elev-pc via fylkeskommunen, finn du meir informasjon her: Elev-pc
  • Alle elevar har rett på utstyrsstipend i Lånekassa. Trykk her for meir informasjon og søknad om stipend og lån: Lånekassa
  • Skjema for lån av læremiddel må signerast digitalt av elev og føresette dersom eleven er under 18 år. Trykk her: Kontrakt lån av læremiddel 

Vi ser fram til å møte alle nye og gamle elevar!