Stryn vidaregåande skule

Velkommen til nytt skuleår!


Vi ønskjer alle elevar ved Stryn vidaregåande skule velkommen til nytt skuleår!
Første skuledag er mandag 17.august med oppmøte i Stryn Kulturhus kl. 09.00.

På neste side finn du brev frå rektor som ønskjer deg som elev spesielt velkommen.
Dersom du ønskjer studiespesialisering med idrett, finn du meir spesifikk informasjon her.

Kjære elev på Stryn vidaregåande skule

Takk for at du valde Stryn vidaregåande skule som lærestad! Vi meiner du har gjort eit godt val, og vi ynskjer å legge best mogeleg til rette for at du skal lykkast medan du er elev hos oss.

Du skal vere stolt av å kunne fortelje at du går på vidaregåande skule i Stryn, stolt av medelevane dine og stolt av deg sjølv. Ta godt vare på dei mulegheitene du har fått til å skaffe deg ei utdanning for framtida.

Du har forventingar til skulen og vi har forventningar til deg som elev!

Lærarar og andre tilsette ved skulen er opptekne av at alle ungdomane skal få det bra og at dei skal trivast her. Alle vil gjere så godt dei kan for at du skal møte ei opplæring som du kan meistre og vekse på. Vi skal byggje relasjonar med deg og foreldra dine slik at du står sterkt fagleg, personleg og sosialt når du avsluttar skulen.

Stryn vidaregåande skule har eit samarbeid med organisasjonen Vaksne for barn, og er difor ein «Drømmeskule». Elevar på VG1 vil første skuledagen møte sine elevmentorar. Vi har også ei ordning for elevar på VG2 som er nye på skulen denne hausten. Målet er å skape gode lærings- og klassemiljø.

Å vere medelev og ungdom saman i eit skulefellesskap er interessant, utviklande og krevjande. Eg ber deg difor om å ta godt vare på medelevar og bidra aktivt til å gjere skuledagen god for alle.

I løpet av første skuleveka får du delta på kurs og bidra i ulike aktivitetar saman med klassen din for å skape eit inkluderande og trygt fellesskap.

Nyttig informasjon om skulen finn du på skulen si heimeside: www.stryn.vgs.no. Du finn og skulen på facebook «Stryn vidaregåande skule».

Ta godt vare på skuleplassen din.

Eg ynskjer deg lykke til med eit flott og minnerikt skuleår på Stryn vidaregåande skule! Vel møtt i Stryn kulturhus måndag 17. august kl 09:00!

Med helsing

Randi Bjørset

Konstituert rektor

Informasjon om studiespesialisering med idrett