Stryn vidaregåande skule
E-sport

Vestland satsar på e-sport

Fylkestinget har vedteke at Vestland fylkeskommune skal lage ein eigen strategi for e-sport. Slik vil fylkeskommunen styrke og satse på e-sportmiljøet i heile fylket.

– Med dette vedtaket viser vi at vi tek både e-sport og spelpolitikk på alvor. Det handlar om at vi vil flytte e-sport og gaming ut av gute- og jenteromma og inn i sosiale fellesskap, der utøvarane kan spele og konkurrere saman, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkestinget vedtok e-sportsatsinga i møtet 16. desember 2020.

Folkehelse og fellesskap

E-sportstrategien til Vestland fylkeskommune skal ha som utgangspunkt kva fylkeskommunen kan gjere for å styrke e-sportmiljøet i fylket. Fylkestinget listar opp fleire punkt som strategien skal ta utgangspunkt i. Folkehelse, inkludering, fellesskap og moglegheita for å delta uavhengig av inntekt er viktige punkt.

– Som med sjakk, blir ein heller ingen god e-sportutøvar om ein ikkje er i god fysisk form. Gjennom strategien vil vi at det skal leggjast til rette for opplæring i til dømes søvnrutinar, fysisk aktivitet og kosthald, seier fylkesordføraren.

Idrettscampus Bergen har gjennom prosjektet AktiveGamere kopla saman e-sport og folkehelse og legitimert dette som eit viktig satsingsområde. Vestland er ein av partane i Idrettscampus Bergen, som fylkestinget i same møte vedtok å vidareføre som Idrettsklynge Vest.

Vil ha organisert breiddetilbod

Det er også eit mål for fylkestinget at flest mogleg barn og unge i fylket skal kunne delta på eit organisert breiddetilbod innan e-sport i nærområdet sitt. Eit slikt organisert tilbod skal bidra til å motverke negative folkehelseutfordringar. Det er også eit mål at det skal auke deltakinga i og rekruttering til frivillige lag og organisasjonar.

– Mange i gamingmiljøet deltek også i anna organisert aktivitet, men ein del har gjerne dette som den einaste organiserte aktiviteten dei er med på. Då blir det ekstra viktig at dei får eit god tilbod, som tek både utøvarar og aktivitet på alvor, seier Askeland.

Vestland fylkeskommune vil utarbeide e-sportstrategien i dialog med lokale og regionale lag og organisasjonar og idrettsforbundet.

Heile vedtaket om e-sport finn du i møteboka frå fylkestingsmøtet 15. og 16. desember 2020