Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Vg1 Bygg- og anleggsteknik
Tre elevar på byggfag i arbeid

Foto: Reed Foto AS

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

På Vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Stryn vidaregåande skule får elevane kunnskap om og kjennskap til dei ulike yrka dei kan fordjupe seg i. 

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk – breiddeåret

Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

På Vg1 Bygg- og anleggsteknikk vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale bedrifter,  fordjupingsoppgåver,  fagdagar og arbeidspraksis for elevane.  Elevane har ikkje fellesfag i dei 10 vekene.

Opplæringa på Vg1 er modulbasert der elevane får opplæring i grunnleggande kunnskap og ferdigheiter i dei ulike lærefaga. Du som er elev på Bygg- og anleggsteknikk på Stryn vidaregåande skule får du og høve til å vere vekslingselev. Les meir om vekslingsmodellen.

På Vg1 Bygg- og anleggsteknikk vil ei skuleveke innehalde følgjande fag:  

17 timar felles programfag 

6 timar yrkesfagleg fordjuping

12 timar fellesfag – norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving

Læreplanar felles programfag Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

Grunnleggjande ferdigheiter i bygg- og anleggsteknikk

På Vg1 bygg- og anleggsteknikk i Stryn har vi hovudvekt på følgjande yrke:

  • Tømrar
  • Betongarbeidar
  • Murar
  • Stillasbyggjar
  • Målar
  • Blekkslagar
  • Taktekkjar
  • Byggdriftar
  • Røyrleggjar

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

vilbli.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ørjan Molnes Olsen
Kontaktlærar Klasse 1BAA
906 26 094
 
Gunnar Friestad
Kontaktlærar Klasse 1BAB
977 50 630
 
 
 
 
 
 

Relaterte lenker

Dokument