Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Vg1 Helse- og oppvekstfag
Hospitering 2019 10.klasse i Nordfjord    Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Hospitering 2019 10.klasse i Nordfjord Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Gjennom teoretisk og praktisk opplæring får du kjennskap til og kunnskap om dei ulike yrka utdanninga fører fram til.

Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

Gjennom opplæringa på Vg1 Helse- og oppvekstfag får du prøve ut eit eller fleire lærefag gjennom arbeidspraksis i institusjon, slik at du vert sikrare på at du vel rett utdanningsveg. På Vg1 Helse- og oppvekstfag vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale institusjonar, fordjupingsoppgåver, fagdagar og arbeidspraksis for elevane. Elevane har ikkje fellesfag i dei 10 vekene.

På Vg1 Helse- og oppvekstfag vil ei skuleveke innehalde følgjande fag:  

17 timar felles programfag

6 timar yrkesfagleg fordjuping

12 timar fellesfag –  engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving

Læreplanar Vg1 Helse- og oppvekstfag

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

vilbli.no.

Kontakt

Oddny Grete Njøten
Kontaktlærar 1 HOA
 
 
 
 
 
 

Relaterte lenker