Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Sal, service og reiseliv/Vg1 Sal, service og reiseliv
Vg1 Service og samferdsel møter Statsminister Erna Solberg   Foto: Stryn vgs

Vg1 Service og samferdsel møter Statsminister Erna Solberg Foto: Stryn vgs

Vg1 Sal, service og reiseliv

Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

I løpet av skuleåret får du prøve ut eit eller fleire lærefag gjennom arbeidspraksis i bedrift, slik at du vert sikrare på at du vel rett utdanningsveg. På Vg1 Sal, service og reiseliv vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale bedrifter, fordjupingsoppgåver, fagdagar og arbeidspraksis for elevane. Elevane har ikkje fellesfag i dei 10 vekene.

Gjennom teoretisk og praktisk opplæring får du kjennskap til og kunnskap om dei 6 ulike yrka utdanninga fører fram til.

På Vg1 Sal, service og reiseliv vil ei skuleveke innehalde følgjande fag:  

 

Felles programfag  
Forretningsdrift    6 t
Kultur og samhandling    5 t
Marknadsføring og innovasjon    6 t
Yrkesfagleg fordjuping    6 t
   
Felles fag  
Engelsk    5 t
Matematikk    3 t
Kroppsøving    2 t
Naturfag    2 t

 

På Vg2 vert det nye læreplanar frå skuleåret 2021-22

Stryn vidaregåande skule tilbyr følgjande programområde:

Vg1 Sal, service og reiseliv Vg 2 Sal og reiseliv Stryn vidaregåande skule
  Vg2 Service og sikkerheit  Andre skular i Vestland