Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Sal, service og reiseliv/Vg1 Service og samferdsel
Vg1 Service og samferdsel møter Statsminister Erna Solberg   Foto: Stryn vgs

Vg1 Service og samferdsel møter Statsminister Erna Solberg Foto: Stryn vgs

Vg1 Sal, service og reiseliv

Nye læreplanar for sal, service og reiseliv

Denne læreplanen vil gjelde for elevar som begynner på Vg1 hausten 2020.

Læreplan Sal, service og reiseliv

Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

I løpet av skuleåret får du prøve ut eit eller fleire lærefag gjennom arbeidspraksis i bedrift, slik at du vert sikrare på at du vel rett utdanningsveg. På Vg1 Sal, service og reiseliv vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale bedrifter, fordjupingsoppgåver, fagdagar og arbeidspraksis for elevane. Elevane har ikkje fellesfag i dei 10 vekene.

Gjennom teoretisk og praktisk opplæring får du kjennskap til og kunnskap om dei 6 ulike yrka utdanninga fører fram til.

På Vg1 Sal, service og reiseliv vil ei skuleveke innehalde følgjande fag:  

 

Felles programfag  
Forretningsdrift    6 t
Kultur og samhandling    5 t
Marknadsføring og innovasjon    6 t
Yrkesfagleg fordjuping    6 t
   
Felles fag  
Engelsk    5 t
Matematikk    3 t
Kroppsøving    2 t
Naturfag    2 t

 

På Vg2 vert det nye læreplanar frå skuleåret 2021-22

Stryn vidaregåande skule tilbyr følgjande programområde:

Vg1 Sal, service og reiseliv Vg 2 Sal og reiseliv Stryn vidaregåande skule
  Vg2 Service og sikkerheit  Andre skular i Vestland

 

 

Kontakt

Marit Løvøy Gascogne
Avdelingsleiar yrkesfag
marit.lovoy.gascogne@vlfk.no
480 66 029
 
 
Siv Randi Berstad
Kontaktlærar
926 96 376