Stryn vidaregåande skule

VG1 Service og samferdsel

VG1 SERVICE OG SAMFERDSEL
Felles programfag
I dei tre programfaga vert det nytta varierte arbeidsoppgåver frå alle delar av en produksjonsprosess som er tilpassa Vg1-nivå og som er relevant for breidda av yrke i utdanningsprogrammet.
Planlegging
Planlegging omfattar utarbeiding og vurdering av grunnlag for etablering og utvikling av små verksemder, produkt og tenester. Programfaget handlar om bruk av teknikkar og hjelpemiddel frå fagområda økonomi og marknadsføring, samt bruk av informasjonsteknologi. Førebyggjande sikkerheitsarbeid og førebuing av arbeidsfunksjonar som ivaretek ein sikker, tidsriktig og miljøvennleg forflyttning av menneske og leveransar av varer og tenester, er viktige tema.
Drift og oppfølging
Drift og oppfølging omhandlar sentrale administrative arbeidsprosessar. Programfaget handlar om å følgje opp verksemda sin ressursbruk, vurdere og sikre kvalitet på arbeidsprosessar. Å ta vare på menneskelege, økonomiske og miljømessige verdiar gjennom ulike sikkerheitstiltak, beredskap og helse, miljø og sikkerheit er viktige tema. Programfaget dekkjer også logistikkfunksjonen i ei verksemd. I faget omhandlar og regelverk som set rammer for verksemda si drift.
Kommunikasjon og service
Kommunikasjon og service omhandlar samspelet mellom kunde og seljar, og korleis den enkelte sitt språk, kulturelle identitet og verdigrunnlag påverkar dette. Her lærer du om teoriar og modellar innan etikk, kundebehandling, motivasjon og behovsanalyse.