Vg1 Studiespesialisering
På Vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag). På Vg2 og Vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To av faga må være innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi, og desse faga skal du ha i to år. Som valfritt programfag kan du også velje spissa toppidrettstilbod eller breiddeidrett.
Du må ha 30 timer i løpet av året. Dersom du ønskjer kan du i tillegg velge breiddeidrett eller toppidrett.
Fellesfag/obligatoriske fag på Vg1 er:
- 5 timar engelsk - Standpunktkarakter på vitnemål
- 4 timar norsk
- 5 timar matematikk: 1P/1T (Praktisk/Teoretisk matematikk) Standpunktkarakter på vitnemål
- 5 timar naturfag - Standpunktkarakter på vitnemål
- 3 timar samfunnsfag - Standpunktkarakter på vitnemål
- 2 timar geografi - Standpunktkarakter på vitnemål
- 2 timar kroppsøving
- 4 timar framandspråk - Nivå1 tysk/nivå 2 spansk, tysk

Stryn vidaregåande skule satsar på idrett og idrettsungdom. Timeplanen er tilpassa for å kunne delta i ulike idrettar i skuletida.
På Stryn vidaregåande skule kan du gå studiespesialisering og velje programfaget Toppidrett, der vi legg til rette for trening i idrettane handball og fotball. Gjennom faget får du anledning til å trene i skuletida. Tysdag, onsdag og torsdag er det lagt til rette for økter på timeplanen. Programfaget består av 5 timar, men vi legg til rette for 6-8 timar med trening. Onsdag og torsdagar har vi lange økter, frå 09.50 – 11.55.
Øktene på timeplanen er parallellagde, slik at alle årssteg trenar saman. Dette for å få gode treningsgrupper med gode føresetnader for å utvikle seg. Jenter og gutar trenar saman. Vi jobbar kontinuerleg med tekniske, taktiske og fysiske eigenskapar, alt med omsyn til kvar ein er i sesong. Elevane får og anledning til å utvikle individuelle dugleikar alt etter utviklingsmål kvar einskild har.
Stryn vidaregåande nyttar gode lokalitetar. Stryn stadion og Strynehallen er mykje nytta. Vi har også tilgong til eige styrkerom i Strynehallen, som er godt utstyrt med tredemøller, romaskiner og frie vekter.
Lenkjer som må inn i høve læreplan programfag Breiddeidrett og Toppidrett.
Breiddeidrett 1: https://www.udir.no/kl06/IDR6-02/Hele/Kompetansemaal/breddeidrett-1
Breiddeidrett 2: https://www.udir.no/kl06/IDR6-02/Hele/Kompetansemaal/breddeidrett-2
Breiddeidrett 3: https://www.udir.no/kl06/IDR6-02/Hele/Kompetansemaal/breddeidrett-3
Toppidrett 1: https://www.udir.no/lk20/idr05-02/kompetansemaal-og-vurdering/kv283
Toppidrett 2: https://www.udir.no/lk20/idr05-02/kompetansemaal-og-vurdering/kv284
Toppidrett 3: https://www.udir.no/lk20/idr05-02/kompetansemaal-og-vurdering/kv285