Vg1 Studiespesialisering

Stryn har to parallellklassar, kvar med 30 elevar. På Vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag).  På Vg2 og Vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To av faga må være innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi, og desse faga skal du ha i to år. Som valfritt programfag kan du også velje spissa toppidrettstilbod eller breiddeidrett.

Du må ha 30 timer i løpet av året. Dersom du ønskjer kan du i tillegg velge breiddeidrett eller toppidrett.

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg1 er:

  • 5 timar engelsk - Standpunktkarakter på vitnemål
  • 4 timar norsk
  • 5 timar matematikk: 1P/1T (Praktisk/Teoretisk matematikk) Standpunktkarakter på vitnemål
  • 5 timar naturfag -  Standpunktkarakter på vitnemål
  • 3 timar samfunnsfag - Standpunktkarakter på vitnemål
  • 2 timar geografi - Standpunktkarakter på vitnemål
  • 2 timar kroppsøving
  • 4 timar framandspråk -  Nivå1 tysk/nivå 2 spansk, tysk
5 jenter i kantina

Stryn vidaregåande skule satsar på idrett og idrettsungdom. Timeplanen er tilpassa for å kunne delta i ulike idrettar i skuletida.

Breiddeidrett

Her vil du få prøve deg i ulike idrettar og aktivitetar gjennom året. Eksempel på aktivitetar kan vere klatring, turn, innebandy, badminton, dans og basistrening. I Breiddeidrett legg vi opp til at eleven skal delta to økter i veka, tilsaman 5 timar. Ein har her også høve til å velje å delta toppidrett på deira spesialidrettar i enkelte periodar. I tillegg har elevane kroppsøving.

Toppidrett Handball

Oddny Grete Njøten er vår handballærar. Ho har lang erfaring som trenar i handball og har også spelt i eliteserien i handball. Du vil gjennom Toppidrett Handball få tilbod om 3 treningsøkter i veka. To av desse styrt av lærar og ei økt som er styrt av deg sjølv eller trenar frå handballgruppa. Alle øktene er på dagtid. I tillegg har elevane kroppsøving.

Toppidrett Fotball

Våre trenarar her er Jon Terje Tjellaug og Johann Sigurdsson. Begge har høg trenarutdanning og lang erfaring både som trenarar og spelarar. I toppidrett fotball vil du få tilbod om inntil tre tilrettelagde økter i skuletida. Fotballen på skulen har tett samarbeid med Stryn fotball. Dette samarbeidet sikrar ei heilskapleg tenking mellom det som blir gjort på dagtid og det som blir gjort på ettermiddagstid.  I tillegg har elevane kroppsøving.

Toppidrett ski

Anders Vonheim er vår trenar på ski. Vi har spissa toppidrettssatsing i skiskyting og langrenn. Dette i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Timeplanen er lagt opp slik at skiløparane får tre  økter i skuletida. I tillegg til dette er det ei ekstra økt rett etter skuletid. Til saman gjev vi løparane våre 4 tilrettelagde økter kvar veke. Dei fleste øktene blir gjennomført  på Ullsheim skiarena. I tillegg har elevane kroppsøving.

 
.

 

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kjell Anders Waage- Pettersen
Kontaktlærar 1STA
kjell.anders.waage-pettersen@sfj.no
415 43 202
 
Edvard Faleide
Kontaktlærar 1STA
952 12 846
 
Per Ingebrigt Karbø
Kontaktlærar 1STB
per.ingebrikt.karbo@sfj.no
913 24 084
 
Maria Storevik
Kontaktlærar 1STB
908 67 765