Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon/Vg1 Teknikk og industriell produksjon
To tannhjul

Zahnräder. Foto: Andreas K (flickr CC NC NS)

Vg1 Teknikk - og industriell produksjon (TIP)

På Vg1 TIP ved Stryn vidaregåande skule får elevane kunnskap om og kjennskap til dei ulike yrka dei kan fordjupe seg i.

Vg1 TIP – breiddeåret  

 Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv.      Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

På Vg1 TIP vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale bedrifter,  fordjupingsoppgåver,  fagdagar og arbeidspraksis for elevane.  Elevane har ikkje fellesfag i dei 10 vekene.

Opplæringa på Vg1 er modulbasert der elevane får opplæring i grunnleggande kunnskap og ferdigheiter i dei ulike lærefaga. 

På Vg1 TIP vil ei skuleveke innehalde følgjande fag:  

17 timar felles programfag 

6 timar yrkesfagleg fordjuping

12 timar fellesfag – norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving

Læreplanar felles programfag Vg1 Teknikk- og industriell produksjon

Grunnleggjande ferdigheiter i Teknikk og industriell produksjon

På Vg1 TIPi Stryn har vi hovudvekt på følgjande yrke:

  • ​Yrkessjåfør
  • Logistikkfaget
  • Indusriteknologi ( ulike fordjupingar)
  • Lette køyretøy
  • Tunge køyretøyLes meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om
  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Odd Atle Skarstein
Kontaktlærar
odd.atle.skarstein@sfj.no
411 88 899