Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknologi og industrifag/Vg1 Teknologi og industrifag
TPA elevane lagar Gokart   Foto: Leiv Arne Egset

TPA elevane lagar Gokart Foto: Leiv Arne Egset

Vg1 Industri og teknologifag(TIP)

På Vg1 TIP ved Stryn vidaregåande skule får elevane kunnskap om og kjennskap til dei ulike yrka dei kan fordjupe seg i.

Vg1 TIP – breiddeåret  

 Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv.      Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

På Vg1 TIP vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale bedrifter,  fordjupingsoppgåver,  fagdagar og arbeidspraksis for elevane.  Elevane har ikkje fellesfag i dei 10 vekene.

Opplæringa på Vg1 er modulbasert der elevane får opplæring i grunnleggande kunnskap og ferdigheiter i dei ulike lærefaga. 

På Vg1 TIP vil ei skuleveke innehalde følgjande fag:  

17 timar felles programfag 

6 timar yrkesfagleg fordjuping

12 timar fellesfag –  engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving

Læreplanar felles programfag Vg1 Teknologi og industrifag

 

På Vg1 TIPi Stryn har vi hovudvekt på følgjande yrke:

  • ​Yrkessjåfør
  • Logistikkfaget
  • Indusriteknologi ( ulike fordjupingar)
  • Lette køyretøy
  • Tunge køyretøyLes meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om
  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no.

Kontakt

Odd Atle Skarstein
Kontaktlærar
odd.atle.skarstein@vlfk.no
411 88 899