Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Vg2 Byggteknikk
Stryn vgs

Vg2 Byggteknikk

På Vg2 Byggteknikk ved Stryn vidaregåande skule fordjupar du deg i ønska lærefag.

Vg2 Byggteknikk – djubdeåret

Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

På Vg2 Byggteknikk vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale bedrifter, fordjupingsoppgåver, fagdagar og arbeidspraksis for elevane. Elevane har ikkje fellesfag i dei 10 vekene.

Dersom du er elev på Vg2 Byggteknikk får du og høve til å vere vekslingselev. Les meir om vekslingsmodellen.

På Vg2 Byggteknikk lærer du om oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg, og bidreg til å skape og bevare store samfunnsverdiar. Programfaga skal medvirke til å utvikle gode bo- og arbeidsmiljø, som tilfredsstiller samfunnet sine krav til bygningar, anlegg og konstruksjonar. Vidare skal programfaga bidra til å utvikle dyktige handverkarar og fagarbeidarar, som kan stimulere til auka verdiskaping og sikre trygge og miljøvennlege buforhold som skal bidra til å ivareta bærekraftig utvikling.

Læreplanar Vg2 Byggteknikk

På Vg2 Byggteknikk vil ei skuleveke innehalde følgjande fag:  

17 timar felles programfag

9 timar yrkesfagleg fordjuping

9 timar fellesfag – norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving

Grunnleggjande ferdigheiter innan Vg2 Byggteknikk

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Håvard Nygård
Kontaktlærar
484 57 011

Relaterte lenker

Dokument