Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Vg2 Helsearbeidarfaget
Tre elevar frå helse- og oppvekstfag

Foto: Reed Foto AS

Vg2 Helsearbeidarfaget

På Vg2 Helsearbeidarfaget ved Stryn vidaregåande skule fordjupar du deg i ønska lærefag. Opplæringa vekslar mellom teori og praksis, der du øver på grunnleggande ferdigheiter på skulen og får mengdetrening i institusjon.  

Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

På Vg2 Helsearbeidarfaget vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale institusjonar,  fordjupingsoppgåver,  fagdagar og arbeidspraksis for elevane.  Elevane har ikkje fellesfag i dei 10 vekene.

Stryn vidaregåande skule har bygd opp ei ny og framtidsretta opplæringsleilegheit innan omsorgsteknologi som er knytt til avdelinga på helsefag. Her får elevane øve på teknisk utstyr  og hjelpemidlar som dei vil møte i framtidige jobbsituasjonar.

Her finn du meir informasjon om prosjektet Omsorgsteknologi i utdanninga.

Grunnleggjande ferdigheiter Vg2 Helsearbeidarfaget

På Vg2 Helsearbeidarfaget vil ei skuleveke innehalde følgjande fag:  

17 timar felles programfag

9 timar yrkesfagleg fordjuping

9 timar fellesfag – norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Hege Beathe Myklebust
Kontaktlærrar 1 HOA
911 84 237
 
Nordfjord Opplæringskontor
Tom Øyvind Solheim
905 28383
 

Relaterte lenker