Stryn vidaregåande skule

VG2 Reiseliv Nytt fylkesdekkjande utdanningstilbod frå skuleåret 2015 - 16

VG2 Reiseliv
Nytt fylkesdekkande utdanningstilbod på Stryn vidaregåande skule frå hausten 2015
ss
Reservert plass på VG4 Påbygg til generell Studiekompetanse.
Etter fullført og bestått fagbrev ligg alle mulegheiter opne. Du har reservert plass på VG4, ein rett du kan nytte til du er 24 år. Du kan då ta Bachelor og Masterutdanning innan reiseliv, hotell, marknadsføring eller det du måtte ønskje av spesialisering innan ditt fagområde.
Internasjonale karrieremulegheiter
Reiselivsfaget kvalifiserer for mange ulike jobbar innan reiselivsnæringa, blandt anna innan luftfart, desitnasjonsselskap, aktivitetsturisme, vintersport, reisebyrå, turoperatør og cruiseindustrien. Stikkord er kundebehandling, service, marknadssføring, språk, transport og transportformidling.
Med fagbrev innan reiselivsfaget har du heile verda som arbeidsplass! Om du vil – kan du gjennom jobben din få sjå og oppleve fleire delar av verda enn mange andre. Samtidig som du kan hjelpe andre til å oppleve verda på ein god måte og få fine reiseopplevingar, kan du sjølv vere med oppleve verda.
Som resepsjonist er du hotellet sitt ansikt utad og bedrifta sitt hjerte. Du yter service, informerer om lokale og nasjonale attraksjonar og aktivitetar. Du legg også til rette for at gjestane får eit hyggeleg opphald, og gjer alt for at gjestane ønskjer å komme tilbake ved eit seinare høve.
Kva lærer du på VG2 Reiseliv
Gjennom opplæringa på VG2 Reiseliv vil du få kunnskap om og kjennskap til dei ulike områda som reiselivsnæringa består av som - transport, overnatting, servering, opplevingar, aktivitetar, sal og marknadsføring. Du vil og få lære om fleire av dei daglege gjeremåla i dei ulike reiselivsbedriftene, for eksempel innan hotell.
I opplæringa får du møte fleire av krava som blir stilt til profesjonelle yrkesutøvarar i reiselivsnæringa. Opplæringa skal medverke til å utvikle kunnskap om å yte god service gjennom å formidle eigne og andre sine produkt og tenester på ein personleg måte.
Kommunikasjon og kulturforståing er eit viktig emne. Marknadsføring og sal eit anna. Du vil lære å vurdere reiselivstrendar, nasjonalt og internasjonalt, som grunnlag for å utvikle eit bærekraftig reiseliv. Vidare vil du lære å berekne pris på eit reiselivsprodukt ved hjelp av marknadskunnskap, samt vurdere lønnsomheita i reiselivsbedrifta basert på budsjett og rekneskap. Norge som reisemål vil stå sentralt i undervisninga. Andre tema i undervisning vil være: reservasjonssystem, HMS (helse, miljø og sikkerhet) og etikk.
Mange av læreplanmåla vil bli «synleggjort» gjennom bedriftsbesøk og ekskursjonar.

reise

Fagfordeling
Reiseliv VG2 består av fellesfag, felles programfag og prosjekt til fordjuping.
Felles programfag
· Marknadsføring og sal
Programfaget Sal og marknadsføring handlar om sentrale tema og teoriar som styrer marknadsføringsaktivitetane i ei reiselivsverksemd, og omfattar dei forventningane norske og utanlandske gjester har til reiselivsopplevingar i Norge. Det dreier seg òg om val av marknadstiltak overfor ulike segment, og om konsekvensane av vala. Vidare omfattar det utvikling av berekraftige reiselivsprodukt og salsteknikkar. Bruk av digitale verktøy er ein sentral del av programfaget.
· Etablering og drift
Programfaget Etablering og drift handlar om etablering av reiselivsverksemder og kunnskap om utføring av arbeidsoppgåver innan reiselivsfag eller resepsjonsfag. Økonomiske vurderingar kring drift står sentralt. Programfaget omfattar regelverk som gir retningslinjer for arbeidet. Vidare dreier det seg om kartlegging av trendar i reiselivet som grunnlag for innovasjon, òg om organiseringa av verksemdene i reiselivsnæringa.
· Vertskapsrolla
Programfaget Vertskapsrolla handlar om det utvida serviceomgrepet, med utgangspunkt i gjesteorientering og produktkunnskap. Teoriar og modellar som tar omsyn til det heilskaplege reiselivsproduktet inngår i faget. Programfaget dreier seg òg om gjesteforståing, forståing av og omsyn til særtrekk ved ulike kulturar og heilskapleg service. Kommunikasjon og samhandling mellom ulike aktørar i reiselivsbransjen inngår i programfaget. Vertskapsrolla dreier seg òg om formidling av norsk og samisk natur og kulturverdiar, som fjell, fjord, skog, vidde, byar, museum og kulturminne, lokalt og nasjonalt.
Prosjekt til fordjuping
Prosjekt til fordjuping på VG2 skal gi deg mulegheit til å få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka og, fordjupe deg i kompetansemål frå læreplanane på VG3-nivå..
Fellesfag
Norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving