Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Vg2 Tømrar og vg2 Betong og mur
Foto: Stryn vgs

Foto: Stryn vgs

Vg2 tømrar og vg2 betong og mur

På vg2 tømrar og på vg2 betong og mur ved Stryn vidaregåande skule fordjupar du deg i ønska lærefag.

Vg2 tømrar og vg2 betong og mur – djubdeåret

Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

På vg2 tømrar eller betong og mur vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale bedrifter, fordjupingsoppgåver, fagdagar og arbeidspraksis for elevane. Elevane har ikkje fellesfag i dei 10 vekene.

Dersom du er elev på Vg2 tømrar eller betong og mur får du og høve til å vere vekslingselev. Les meir om vekslingsmodellen.

På vg2 lærer du om oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg, og bidreg til å skape og bevare store samfunnsverdiar. Programfaga skal medvirke til å utvikle gode bo- og arbeidsmiljø, som tilfredsstiller samfunnet sine krav til bygningar, anlegg og konstruksjonar. Vidare skal programfaga bidra til å utvikle dyktige handverkarar og fagarbeidarar, som kan stimulere til auka verdiskaping og sikre trygge og miljøvennlege buforhold som skal bidra til å ivareta bærekraftig utvikling.

Læreplan vg2 tømrar

Læreplan vg2 betong og mur

 

Kontakt

Gunnar Friestad
Kontaktlærar 2BYA
 

Relaterte lenker

Dokument