Stryn vidaregåande skule

VG3 Idrettsfag på Santa Susanna


Elevane på VG3 Idrettsfag har vore 6 dagar på Santa Susanna i Spania.
På timeplanen stod ulike sportslege aktivitetar. I tillegg vart det tid til både kultur, shopping og tapas.

Reisebrev frå elevane
Vi i tredjeklasse på idrettslinja ved Stryn VGS har brukt om lag to år på å samle inn nok pengar til klassetur. Turen gjekk til Spania, og natt til tysdag 28. oktober sette vi oss på bussen til Gardermoen. 24 elevar frå 3. klasse idrettsfag og tre vaksne for i veg til Santa Susanna på treningsleir.

id 14 b

I Santa Susanna sjekka vi tysdag ettermiddag inn på Onabrava Aqua Hotel. Hotellet var kjempeflott, og var godt utstyrt med blant anna eit stort styrkerom, samt ei herleg spa-avdeling. Etter lange treningsøkter var det fantastisk godt å slappe av der. I området rundt hotellet låg det fine kunstgrasbaner til fotballbruk, og skiskyttarane fekk boltre seg med rulleski på lange og fine asfaltvegar. Langs stranda var det også ei flott joggeløype, så vi hadde mange moglegheiter innanfor trening.
Veka i Santa Susanna var lagt opp med to økter per dag. Øktene var både fellesøkter innan våre eigne idrettar, samt eigentrening der vi anten kunne trene styrke, kondisjon eller ta oss ein symjetur. Vi hadde fleire kjekke fellesaktivitetar med klassen, blant anna spelte vi fotball, jogga på fjelltoppar, spelte baseball osv. Eit av høgdepunkta var då
lærarane våre arrangerte ”Mesternes Mester”. I den harde striden var det to fotballag, eit handballag og eit skiskyttarlag som konkurrerte mot kvarandre. Vi blei prøvd ut i mange forskjellege greiner innanfor kondisjon, hurtigheit, styrke, koordinasjon, samarbeid og problemløysning.

id 14 b

Etter 6 flotte dagar med masse trening, soling og bading i Santa Susanna, gjekk turen vidare inn til Barcelona. Inne i byen hadde vi med ein guide på bussen, og vi fekk sett den fantastiske kyrkja Sagrada Famila”. Vidare gjekk dagen med til shopping og trakking i gata ”La Rambla”. Som avslutning på den kjekke turen åt vi felles middag på ein tapas-restaurant, før vi tok kvelden i Barcelona.
Takk for ein fin tur!
(Ref. Anna, Inga og Karsten og co. 3IDA)