Stryn vidaregåande skule

VG3 nettverk Teknikk og industriell produksjon

VG3 nettverksmøte
-TIP Sogn og Fjordane-

Fredag 7.desember var vidaregåande skular, opplæringskontor og bedrifter samla i Førde til felles kunnskapsdeling og planlegging av ein 2 dagars konferanse med fokus på fagområde innan Teknikk- og industriell produksjon.

Årdal og Stryn vidaregåande skule har fått i oppdrag av Opplæringsavdelinga å omorganisere fagnettverket innan Teknikk- og industriell produksjon.
Sist fredag var vidaregåande skular, opplæringskontor og bedrifter samla til kreativ prosess og planlegging av ein 2 dagars Kunnskapskonferanse med fokus på fagområde innan Teknikk- og industriell produksjon.


TIP

Følgjande tema stod på agendaen:
Det 4-årige opplæringsløpet
- Vidareutvikle kvaliteten på opplæringa for elevar og lærlingar
- Samarbeidsrelasjonar skule – opplæringskontor - bedrift
- Rekruttering
- Korleis imøtekomme næringslivet sitt behov
Parallelle seksjonar
- Felles forståing av kompetansemål og læringsmål
- Kompetanse lærarane treng for å imøtekomme læreplan og næring
- Grunnleggande kunnskap og ferdigheiter hos eleven etter VG2
- forventningar frå bedriftene –
Kunnskapskonferansen vert på vårparten i 2013.

TIP

Styringsgruppa i prosjektet er følgjande;
Rektor ved Årdal vidaregåande skule, Geir Kjetil Øvstetun
Rektor ved Stryn vidaregåande skule – Kirsti Horne
Årdal Opplæringskontor – Anne Kauppi
Leiar Opplæringskontoret PRO – Jorunn Kirketeig
Leiar Bilbransjens Opplæringskontor – Roar Ljøen